Dette er i alle fall Evje kyrkje som får besøk av Trefoldighet Kantori, Agder Vokalensemble og Aust-Agder kammerorkester med Händels Messias førstkomande laurdag. Setesdølen har ved ein glipp gong på gong vist feil bilete og påstått at det skulle vere Evje kyrkje. Det seier me oss igjen leie for.
Dette er i alle fall Evje kyrkje som får besøk av Trefoldighet Kantori, Agder Vokalensemble og Aust-Agder kammerorkester med Händels Messias førstkomande laurdag. Setesdølen har ved ein glipp gong på gong vist feil bilete og påstått at det skulle vere Evje kyrkje. Det seier me oss igjen leie for.

Kammermusikk på Evje i kveld

Trefoldighet Kantori, Agder Vokalensemble og Aust-Agder kammerorkester med Händels Messias held konsert i Evje kyrkje i kveld.

Sundag blir same konserten framført i Trefoldighetskirken i Arendal. Solistar til framføringane er profesjonelle songarar: Ingrid Vetlesen, Kari Lise Høgseth, Vidar Hellkås og Renatus Mèszar. Dirigent, kjend for engasjement som kantor i Trefoldighetskirken og mange framføringar av store, klassiske verk, er Tim Harry Blomberg.

Tre hovuddelar

Messias, som opphaveleg vart framført ved påsketider, består av tre hovuddelar til tekst frå Bibelen. Den første delen handlar om profetiane om Jesus, den andre delen om  den menneskelege avvisninga då Jesus døydde, og den tredje delen om evig liv gjennom Jesus som frelsar. 

Artikkelen held fram under annonsen.

–Då eg var liten, var det fast tradisjon med både Juleoratoriet og Messias i Trefoldighetskirken. Eg sat spent på kyrkjebenken med partitur og fylgde med. Det er ekstra gledeleg at verka no blir framførte av lokale kor og orkesterkrefter, seier dirigent Tim Harry Blomberg.

Det er i dag 35 med i Trefoldighet Kantori. Agder Vokalensemble blir dirigert av Rolf Magne Schmidt Asser og har med kring 20 songarar.  Aust-Agder kammerorkester har i 26 år vore det einaste orkesteret for klassisk musikk i fylket. I alle dei åra har aktiviteten vore høg med ein kombinasjon av profesjonelle musikarar og talentfulle amatørar. Førstkomande laurdag får ein treffe dei alle i Evje kyrkje!