Kirsten Bråten Berg tar seg med seg musikalske vener til Dølen kulturscene på Evje laurdagskveld.
Kirsten Bråten Berg tar seg med seg musikalske vener til Dølen kulturscene på Evje laurdagskveld.

Kirsten med vener på Dølen

Det blir jazz og folkemusikk, folkeviser og nyare stoff når Kirsten Bråten Berg med musikalske vener held konsert på Dølen kulturscene førstkomande laurdag.

Cohen på norsk, Claus Hagerup og tradisjonelle viser og stev blir det også på Dølen hotell. Kirsten Bråten Berg treng knapt noko meir presentasjon, men også musikarane ho har med seg laurdag er røynde artistar.

70 fjernsynsprogram

Leiv Solberg, frå Oslo men busett i Froland, har bakgrunn frå mellom anna Folkemusikktimen i NRK. Han har meir enn 70 fjernsynsprogram bak seg. Solberg er ein såkalla multiinstrumentalist og har vore både produsent og musikar på ei rekke utgjevingar. Tre av dei har vunne Spellemannsprisen. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Rune Klakegg er ein allsidig pianist, komponist og arrangør som har vore aktiv i det norske jazzmiljøet sidan slutten av 1970-talet. Han kjem frå Skien, og der er han mellom anna sentral i det 13 mann store Scheen jazzorkester. Saman med Kirsten Bråten Berg skal altså trioen by på musikalske smakebitar på Dølen hotell som del av konsertserien som har gått føre seg der det meste av året. Oppslutninga har vore god, det bør kome mange også laurdag!