Framføringa av musikalen ”Himmellengsel” i Evje kyrkje sundagskvelden vart avslutta med songarane i kvite klede. Frå venstre Per Steinar Undeland, Kåre Eidem, Åse Gullsmedmoen, Eva Bjøntegård frå Høvåg og Ingebjørg Lidtveit frå Bygland.
Framføringa av musikalen ”Himmellengsel” i Evje kyrkje sundagskvelden vart avslutta med songarane i kvite klede. Frå venstre Per Steinar Undeland, Kåre Eidem, Åse Gullsmedmoen, Eva Bjøntegård frå Høvåg og Ingebjørg Lidtveit frå Bygland.

Menighetskoret på Evje jubilerte med ny musikal

Evje og Hornnes menighetskor markerte 40-årsjubileum med konsert i Evje kyrkje sist sundag. Der vart den nyskrivne musikalen "Himmellengsel" framført.

Gjennom dei siste to åra har dirigent, komponist og tekstforfattar Thomas Stanghelle og det songglade menighetskoret arbeidt med denne produksjonen som eigentleg har blitt meir gudsteneste enn musikal, ei musikalsk messe, som dei sjølve kallar det. Utgangspunltet er at den som ikkje har sett lyset, er i eit åndeleg fengsel, illustrert med nettinggjerde framfor altarring og preikestol i kyrkja.

Frå stengsla stig Renate Aasen fram gong på gong og fyller si solistrolle på ein mektig måte som talar til kvar einaste sjel i den vel halvfulle kyrkja. Jo Inge Rosseland i rolla som Paulus eller Saulus tek endåtil i bruk preikestolen for å nå ut med bodskapen. 

Artikkelen held fram under annonsen.

I rolla som Jesus

Produsenten sjølv, Thomas Stanghelle, har rolla som Jesus i songen som han greitt kombinerer med eige musikalsk akkompagnement på flygellet. Han følgjer forresten koret med musikk utan stans gjennom heile framføringa på halvannan time. Då handlar det om å sjå Guds ord i nytt lyts. Det er det som gir himmellengsel. Dei frammøtte i kyrkja kunne sjølve på prosjektor følgje tekstane som vart framførde.   

Her var velkjende innslag frå gudstenesta som Kyrie Eleieson med entusiastiske songarar si mektige tolking, her var minst like kraftig lovsong og her var tankevekkande spørsmål og svar.

-Hva er Guds rike, hva skal jeg sammenligne det med her på jord? syng Thomas sjølv som også minner om at Jesus vart send hit ”fordi Gud elsker deg”. 

Enkle tekstar

Med enkle tekstar får han fram ein like enkel bodskap:

 

”Du trenger ikke gjemme deg,

nådens Gud vil aldri glemme deg”.

I framsyninga er det både tempoforandringar og tekstar frå sorg til glede, det som me berre greier å sjå fragment av, og openberringa av ei ny verd, ein ny himmel og ei ny jord. Det ligg von i formidlinga sjølv om ein avslutningsvis får høyre den enkle oppmodinga:

Artikkelen held fram under annonsen.

 

”Denne jorda skal forgå,

de siste tider er nå, meld deg på!”

Og som musikken tona ut, overtok taktfast og langvarig applaus.

-Ei verdig 40-årsmarkering

Me er heldige som har menighetskor i bygda vår, sa Valborg Hauan som strødde om seg med glasenglar frå soknerådet. 

Koret har skifta både medlemmer og dirigentar  gjennom åra, men altså halde det gåande i 40 år!