annonse

Prosten blir ”joleprest” i Bykle og Valle

Fjellgardane kyrkje
Fjellgardane kyrkje: Prost Gunnar Ellingsen tar sjølv ansvaret for jolegudstenestene i Bykle, Valle og Hylestad. (Foto: Sigurd Haugsgjerd)

Prost Gunnar Ellingsen har tatt på seg å halde jolegudstenestene i Bykle, Valle og Hylestad i år.

Sigurd Haugsgjerd

Prosten dreg til Hovden for å feire jola der. Då synest han det er fint at han også kan kombinere det med å halde gudstenester. Han har vikariert mykje øvst i Setesdal denne hausten på grunn av prestemangel, men har også hatt ansvaret for påskegudstenestene i Bykle, Valle og Hylstad i mange år.
-Eg trivest veldig godt blant folk i Setesdal, så eg gler meg alt til jolefeiringa, seier prost Gunnar Ellingsen.