Årsskriftet frå Setesdal sogelag er no i handel med rikt innhald. Framsidebiletet er ”Hverdagsdrakt fra Setesdal anno 1852”.
Årsskriftet frå Setesdal sogelag er no i handel med rikt innhald. Framsidebiletet er ”Hverdagsdrakt fra Setesdal anno 1852”.

Setesdal sogelag leverer praktbok om Setesdal

Det er litt av ei kulturhistorisk biletbok Setesdal sogelag presenterer i desse dagar. Årsskriftet for 2018 er i stor grad bygt på biletsamlinga etter Torgeir N. Austad, den fargerike personlegdommen som på folkemunne vart kalla ”Krokodillejegeren” fordi han hadde farta verda rundt og m.a. vore på krokodillejakt i Australia.

Torgeir var først og fremst ein pedantisk person, systematisk og nøye til fingerspissane. Det var kanskje difor han kom til å leve som ugift heile livet. Det er perfeksjonisten Torgeir N. Austad me alle no kan få glede av. Mannen døydde for fleire år sidan, men etterlet seg altså både dagboknotat endåtil frå dagane kring krigsutbrotet i 1940, og ikkje minst ei solid biletsamling. Han var over alt med fotoapparatet sitt frå Svinsund etter krigsår i Sverige til den nye Varoddbrua i 1956. 

Justisministeren

si badebukse

Artikkelen held fram under annonsen.

Med kameraet fanga han den svenske skilegenden Sixten Jernberg på full fart gjennom småskogen i Holmenenkollen, og justisminister Jens Haugland som fekk bøtt badebuksa si av Jon K. Løyland under ei sommarleg utflukt til Steinsfjorden i 1958. Andre høgdepunkt er besøk av årets Miss Norge, Ragnhild Aas på Ose i 1961 eller fisking i Gjeddevatn på Austadheia i 1957. Først og fremst er denne samlinga likevel ei kulturhistorisk gullgruve fordi Torgeir har fotografert så mykje frå kvardagslivet både heime på Austad og andre stader. Det er støyls og heieliv, gardsarbeid med onnene og hesjing og raking der kvart einaste grasstrå skulle bergast.

Systematisk og grundig 

Når alt dette no er gjort tilgjengeleg, er det ikkje berre Torgeir å takke, men i like stor grad Andres Helle, redaktøren som heile årsskriftet står og fell med. Om han har vore den heldige som fekk hand om biletsamlinga, har han med ei systematisk og grundig innstilling, på same måten som Torgeir, tilrettelagt stoffet. Gjennom korte, innsiktsfulle orienteringar følgjer han ein tidsskala som kort sagt omfattar Torgeir N. Austad sitt vaksne liv. Det seier seg nesten sjølv at den breie plassen biletsamlinga har fått,  gjer årets hefte svært lett å lese. Likevel er det også endå mykje meir å finne av interessant lokalhistorisk stoff.

Ulvetuva-festivalen

 Leiaren i sogelaget for heile dalen, Vidar Toreid fortel om eit år med fleire spenstige arrangement, ikkje minst fjellfestivalen Ulvetuva mellom Bykle og Suldal. Og Anne Margrete Bjåen skriv meir detaljert om den vellukka festivalen i august. Folke Nesland er ein byklar med både lokalhistoriske interesser og eit godt blikk for gode fotomotiv. At han også har vore ein ivrig fjellvandrar, kjem tydeleg til uttrykk i det sterkt illustrerte bidraget hans med så mange talande natur- og folkelivsskildringar frå snarefangst til sauer i båt over Bossvatn på veg til sommarbeite. Reidar Tveito frå Byglandsfjord har på same måten presentert flotte glimt frå ein gammal Opel Kadett i halvtunnelen under Fånefjellet til idylliske Lauvdal vinterstid og gamle Byglandsfjord og Evje.

Redaktør Andres Helle har gjort ein kjempejobb med årsskriftet.
Redaktør Andres Helle har gjort ein kjempejobb med årsskriftet.

Bryllaupsreise

Frå arbeidet med gards- og ættesoga i Bygland har Andres Helle også teke vare på ei vakker samling av gamle teikningar etter arkitekt Frølich på slutten av 1800-talet. Det er alt saman interessante motiv frå Mosby til Ose, endåtil loptet som vart selt til Bygdøy i 1915.Ei svært interessant folkelivsskildring frå dagleglivet i Setesdal får ein også gjennom den militærutdanna Jens S. Hertzberg si skildring av bryllaupsreisa som han og kona Gunvor gjorde frå Skien til Lysebotn i 1904. Han har fotografert brura på ”Bjørnevandshytten”, og tatt eit utruleg vakkert bilete av Trydal mot Stigefjeld og Byklestigen. På garden Bratteli, som Jul Lund i Valle åtte, møtte dei m.a. 130 geiter og Knut Skarberg sin familie der to av sønene drog til Amerika.

Eit heilt ysteri

-Der var helt ysteri med to unge jenter og en juring. Om kvelden var det fornøilig at se juringen samlede gjæteflokken, skriv Hertzberg.

I utgangspunktet var ikkje Andres Helle innstilt på nytt årsskrift, men har altså laga eit så heilstøypt historisk dokument at det vil bli ein kjærkomen kulturskatt for framtida. Og det er ei sann glede å bla seg frå side til side. Boka kombinerer den gamle og den nye tida med både fargebilete og motiv i svart og kvitt. Utforminga har blitt svært tiltalande, og kvaliteten på bileta er jamnt over god. Teamet Andres Helle, Knut på Bø og Helge Stokkeland på Setesdalstrykk har tydelegvis arbeidt godt saman om eit produkt som krev litt ekstra for at resultatet skal bli så godt.