83 år gamle Salve Øina i Iveland er bokaktuell igjen. Midt i førjulshandelen kjem han med historia om samkvem mellom Iveland og Hægeland, men også om Hans Nilsen Hauge si verksemd på Fennefoss i Hornnes.
83 år gamle Salve Øina i Iveland er bokaktuell igjen. Midt i førjulshandelen kjem han med historia om samkvem mellom Iveland og Hægeland, men også om Hans Nilsen Hauge si verksemd på Fennefoss i Hornnes.

Stamfaren til Albert-familien i Kristiansand var hjuringgut frå Iveland

Fosskaren Anders Olsen frå Iveland budde også på garden Kjetså i Hornnes ei tid. Han blei seinare stor kjøpmann i Kristiansand. Anders blei forfaderen til Albert-slekta i byen.

Dette og mykje meir om lokal historie kjem fram i den nye boka ”Brev frå ei øy” som Salve Øina (83) frå Iveland gir ut i desse dagar.

Den gamle likningssjefen har hatt lokalhistorie som hobby i det meste av livet. Han har redigert bygdebøker, gitt ut eigne bøker og hefte, skrive manus til lokale spelspelstykke, engasjert seg i museumslaget og mykje meir for å popularisere historia om folk og levemåtar i Iveland og innlandet før i tida. Han er då også honorert med Kongens fortenestemedalje for innsatsen sin i det lokale kulturlivet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I den nye boka som er venta frå trykkeriet om nokre dagar, har handelsmannen Anders Olsen fått eit langt kapittel.

Han var fødd i Iveland – hjuringgut i oppveksten og ei tid gardbrukar i Hornnes – skipa firmaet A. Olsen & Søn i Kristiansand der bønder frå innlandet handla.

I boka får me innsyn i byturane og kontrabøkene til forfattarens forfedre. Mykje i boka dreiar seg også om samarbeidet Iveland-Hægeland frå gammalt av. Frå Setesdal har han med ein del om verknadene av verksemda til Hans Nilsen Hauge på Fennefoss i Hornnes. 

-Be’elaget vårt blei ramma med at Osmund Gåseflå blei dømd etter konventikkelplakaten. Vårt be’elag kryssa Otra med gardar både i Iveland og Hægeland, seier Salve Øina.

Folk i dei to sokna har frå gammalt av hatt mykje samarbeid på tvers av amts- og fylkesgrensa som her er elva Otra.

Mykje av stoffet i den nye boka knyter Salve Øina til det han har skrive i den førre, ”Noke frå indre Agder” som kom for eit par år sidan.