Avisleveringa i distrikta

Leiar i Setesdølen 22. november 2018:

I denne veka aksjonerer ei rekke lokalaviser her i landet mot Regjeringa sine planar om endringar i postlova. Endringane går i hovudsak ut på å halvere talet på leveringsdagar. Nyordninga for nokre år sidan om at det  ikkje lenger skulle leverast post på laurdagar, var til stor ulempe for mange aviser som har lesarane sine langt unna det lokale nedslagsfeltet. Det var dette som førte til at Setesdølen flytta eine utgjevingsdagen frå fredag til torsdag. På den måten tenkte me at det skulle vere råd å få avisa fram til alle før helga.

No er det altså snakk om nye endringar som skal redusere talet på leveringsdagar ytterlegare. I staden for 5 dagar, er det meininga å gå ned til 2,5. I praksis vil det seie avislevering måndag, onsdag og fredag i eine veka og tysdag og torsdag i veka etter. For mange lokalaviser skaper dette så alvorlege problem at dagleg leiar i Landslaget for lokalaviser (LLA) meiner at det alt om eit år kan vere slutt på avislevering mange stader. I følgje lokalavisene sin eigen organisasjon står over 60 aviser  her i landet i fare for å miste ein tredel eller meir av opplaget sitt viss dei aktuelle endringane blir gjennomførte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trass i meir og meir digitaliserte løysingar med informasjon på så mange såkalla plattformer, er det i dag framleis slik at nesten halvparten av alle nordmenn les ei papiravis kvar dag. Det er mulig fordi Posten leverer på dei fleste kvardagar i område der det ikkje finst avisbod.

Me har eit breitt mediemangfald her i landet. Dei over 150 norske lokalavisene er avgjerande for eit levande lokaldemokrati. Avisene er med på å halde Noreg saman og gjer på sitt beste noko for at ulike stemmer i heile landet høyrer og forstår kvarandre. Endringsforslaget no kjem til å gå ut over Distrikts-Noreg og skape unødvendige skilje mellom by og land også på dette området.