Bykle-ungdom i politikken

Leiar i Setesdølen 20. november 2018:

Bykle kommune har siste tida markert seg på ein positiv og framtidsretta måte ved å trekke ungdom meir og meir med i det lokalpolitiske arbeidet. Både elevrådet på skulen og det kanskje endå meir sjølvstendige ungdomsrådet har fått innpass i kommunestyret, ikkje med røysterett på linje med dei folkevalde naturlegvis, men med talerett og ikkje minst observatørstatus. Ungdomane blir stimulerte til å følgje med i det politiske livet på lokalplanet, og med møteretten i kommunstyret får dei høve til å bli høyrde i saker som er aktuelle for dei. Og kva saker er det eigentleg som ikkje er av interesse for dei som skal overta bygdestyringa etter kvart?

Me synest initiativa som er tatt på dette området i Bykle er svært interessante. Det er ikkje berre snakk om å sleppe ungdommen til i fora der dei godt vaksne ofte dominerer, men med møterett i kommunestyret og andre politiske organ, blir det skapt interesse og rekruttering til politiske tillitsverv smått om senn. Neste år er det kommune- og fylkestingsval igjen. Nominasjonsprosessane er alt i gang, og me veit at mange parti slit med å skaffe seg nok namn til listene. Nettopp i Bykle har dei likevel vore flinkare enn mange andre stader til å styrke lokaldemokratiet med uvanleg mange lister som vitnar om engasjement i mange politiske leirar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tiltaka for å få ungdom interessert så tidleg som råd er, stadfestar inntrykket av at ein i Bykle vil la ”alle blomster blomstre”, og gjere dei som veks opp til gjennomtenkte og samfunnsengasjerte menneske. Ved omlegginga som vart gjennomført i kommunal forvaltning for nokre år sidan, med kraftig delegering til rådmann og rådmannen sine undersåttar, vart det vanskelegare for folk utan lokalpolitisk erfaring å starte i små og mindre viktige utval. Difor er forsmaken på politikk som Bykle kommune no gjev dei unge, så utruleg viktig.