Møter eldrebølgja i Åseral

Leiar i Setesdølen 8. november 2018:

Kommunestyret i Åseral skal på møtet om eit par dagr ta stilling til det suverent største einskildprosjektet som dagens politikarar har hatt hendene i. Dei folkevalde skal sannsynlegvis seie ja til å investere i nytt omsorgsbygg innanfor ein kalkyle på rundt 119 millionar kroner. Det er ein sum som ruvar også i kraftkommunen inst i Vest-Agder.

Prosjektet har vore planlagt i fleire år og gått gjennom ein omfattande og svært grundig prosess. Både offentlege etatar, organisasjonar og privatpersonar har blitt trekte med i ein prosess som har engasjert folk til eit tjuetals møte. Minst like mange konsulentar og rådgjevarar har vore på banen. Resultatet ligg an til å bli eit svært moderne omsorgssenter, sentralt plassert i bygda og som eit tilbod til pasientar med ulike omsorgsbehov.

Artikkelen held fram under annonsen.

Investeringa blir gjort med god støtte frå Husbanken som gjennom sentrale politiske føringar følgjer opp rikspolitikarane sine mangeårige lovnader om å trø til for å møte den venta eldrebølgja. Det er nettopp dette kommunepolitikarane i Åseral no førebur seg på. Der har det også tidlegare vore satsa mykje på denne sektoren. No tek altså kommunen eit nytt og viktig steg for å vere klar for dagens innreiingar og den mest moderne velferdsteknologien.

Også omsorgstenestene endrar seg i takt med den teknologiske utviklinga. Difor er det med forventningar at ein kan sjå fram til opninga av det nye senteret i Åseral om eit par år. Det vil nok by på positive overraskingar for alle som ikkje har følgt framgangen på denne sektoren like tett. Prosjektet viser at det skal bli godt å bli gammal og hjelpetrengande i dette landet, - ikkje minst i Åseral.