annonse

Når Evje skal marknadsførast

Leiar i Setesdølen 12. november 2018:

Sigurd Haugsgjerd

Det nærmar seg førjulstid og ein ny høgsesong for butikkar og andre handlande i distriktet vårt. For Setesdalsregionen og indre bygder i Vest-Agder har Evje blitt eit naturleg trekkplaster som på tradisjonsrikt vis inviterer til myldrande folkeliv i juleopplyste sentrumsgater. Det er noko som både små og store ser fram til. 

Likevel har ein ei kjensle av at dei som står bak opplegget ikkje alltid greier å dra lasset saman. Inntrykket er at det er ulike meiningar og ulik forståing av korleis ein vil marknadsføre Evje sentrum. Det er ikkje bra, for manglande samarbeid kan fort legge ein dempar på både aktivitetar og tilbod som skal til for å trekke folk til bygda. 

Julekomitèen i år har lagt seg i selen for å få fram aktivitetar, men det er berre ein del av dei handlande som står bak dette. Fleire butikkar er ikkje med i handelstandsforeninga. Det kan vere fleire år saker til det, men av dei som tar ansvar for juleførebuigane er det nok ei kjensle av manglande solidaritet frå dei som står utanfor. Det skaper intern uro som gjer at satsinga kan bli noko halvhjarta. Målet må vere å få engasjert så mange som råd er anten dei er medlemmer av handelsstandsforeninga eller ikkje.

Kundane tenkjer ikkje på formalitetane når dei inntar Evje for julehandel og førjulsmoro. Difor er det om å gjere å heie fram alle slags aktivitetar som kan trekke folk til bygda. Det gjeld alt frå dei små, raude kremmarbuene, som har blitt så populære, til fakkeltog, nissegraut eller kransekakebasar på den best besøkte kafèen i sentrum. Alt saman er med på å skape liv og røre og få folk frå heile innlandet til å besøke Evje i førjulstida. Det er dette som må vere det felles arbeidsmålet for alle som ønsker at folk flest skal handle så mykje som råd er i lokale forretningar. Då nyttar det ikkje å la intern småkrangel få øydelegge inntrykket. 

Om dei store kjedebutikkane er vanskelegare å få med på lokale initiativ, er også desse ein del av det som får folk i distriktet til å legge førjulshandelen til Evje.