annonse

Ny runde om Bykle-rådmann?

Leiaren i Setesdølen 1. november 2018:

Sigurd Haugsgjerd

Kommunestyret i Bykle har vedteke å konstituere Signe Sollien Haugå i stillinga som rådmann etter at Frantz A. Nilsen sluttar i jobben ved årsskiftet. Han har som kjent blitt ny rådmann i Evje og Hornnes.


Signe Sollien Haugå er mest kjend som mangeårig dagleg leiar i Setesdal Regionråd. Siste tida har ho vore plansjef i Bykle kommune. Etter svært kort tid i den jobben, blir ho altså no forfremja til rådmannsstillinga. Det kunne ordførar Jon Rolf Næss få kommunestyret med seg på fordi både han og andre blant politikarane kjenner henne godt frå åra ho har hatt i regionrådet. Før den tid var ho i forvaltningsstyret for Setesdal Vesthei og Ryfylkeheiane.


Me trur sikkert at politikarane i Bykle kommune på denne måten har funne ei god løysing i alle fall på kort sikt. Me meiner at dei også på denne måten bør ha løyst rådmannsfloken meir permanent. Då Frantz A. Nilsen vart tilsett for eit års tid sidan, skjedde det etter ein omfattande og kostbar prosess. Så gjekk han likevel etter kort tid til Evje og Hornnes. Kommunen i sør gjorde tilsettingsprosedyren unna i ein fei fordi dei visste at kandidaten hadde blitt grundig sikta og vurdert av Bykle kommue sine hjelparar. Dermed slapp Evje og Hornnes billeg, og fekk ein rådmann som dei visste ville kunne fylle oppgåva.


No har altså Bykle nyleg hatt tilsvarande gjennomgang då Signe Sollien Haugå vart tilsett som plansjef. Med bakgrunnen ho har frå regional forvatning bør det ikkje vere nokon stor risiko å gje henne fast tilsetting. Det vil kommunen sannsynlegvis vere godt tent med. Dessutan kan det vel også for Bykle vere eit poeng å spare ein ny, dyr prosess når ein slett ikkje er sikker på at nye søknadsrundar vil få fram fleire aktuelle kandidatar.

Frå andre kommunar har ein ofte sett at når det velkjende blir valt, er det større sjanse for at den som blir tilsett blir verande i stillinga ei stund. Ikkje minst i Bykle med stadig utbygging og utvikling er administrativ stabilitet viktig.