Storsamfunnet sitt oppgjer

Setesdølens leiar 8. november 2018:

Oppslaget i avisa i dag om at Bykle kommune om nokre år reknar med å ha fått redusert kraftinntektene sine med rundt 50 mill. kroner i året, er berre ei stadfesting av ei utvikling som ein har sett over lang tid.

Det var på slutten av 80-talet at inntektene frå dei store utbyggingane i Bykle tok til å renne inn i kommunekassa. Dei kom vel med i ei næringsfattig fjellbygd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Inntektene har frå då av blitt brukt på å byggje ut ein nødvendig infrastruktur som rett nok har fått andre kommunar til å peike på rikdommen i Bykle av og til, men det aller meste av investeringar omfattar viktige tilbod både for unge og eldre frå barnehagar og skular til forsamlingshus, helsesenter og sjukeheim.

Med kraftinntektene vart det heldigvis fort slutt på at Bykle måtte leige seg inn i nabokommunane både til skulegang og omsorgsbehov.

...reiseliv og turisme har blitt heilårsarbeidsplassar

Med åra har likevel storsamfunnet hatt vondt for å vere vitne til at små og avsidesliggjande kraftkommunar har greidd å stå på eigne bein, ja, endåtil utvikle seg. Bykle har i tillegg til eigen infrastruktur drive næringsutvikling med det resultat at reiseliv og turisme har blitt heilårsarbeidsplassar.

Det var slett ikkje opplagt for 40 år sidan.

Det er dette handlingsrommet kraftkonsesjonane har gitt kommunen, men som sentrale styresmakter i ettertid har prøvd å plukke frå dei, eller i alle fall å svekkje. Gjennom endra reglar for skattlegging og avgiftspolitikk har kraftkommunane litt etter litt tapt årlege inntekter.

Kommunen sin eigen organisasjon LVK har prøvd å dokumentere og argumentere imot utviklinga, men storsamfunnet sitt press er vanskeleg å møte. Tenk om dei som handterer regelverket i dag hadde tatt ein tur til Bykle og studert traktene der det ein gong var levande grendesamfunn, men i dag er demningar og berre restar etter det som var.