Høgre / Venstre har fylgjande merknader til planforslaget for Presteneset:

•Universell utforming av alle gang- og sykkelvegar.

•Konsesjonsgrense 0.  Det vil sikre fast busetnad og hindre at området blir brukt til feriebustader.

Artikkelen held fram under annonsen.

•Planen må sjåast i samanheng med resten av Bygland sentrum der det i den kommunale bygningsmassen for tida i aukande grad er ledig kapasitet.

•Den gamle prestegarden. Då kommunestyret i Bygland 07.09.16, sak 61/16 vedtok å rive den gamle prestegarden, var det mot stemmene til H /V.  Vi oppmodar difor på nytt plangruppa om å tilpasse nye bustader på ein slik måte at denne bygningen, som for mange byglendingar representerer stor kulturell, historisk og estetisk verdi, kan bevarast.

Vi vil underbyggje denne oppmodinga med fylgjande moment:

-Bygland kommune opplyser 25.05.16 at bygningen ikkje lenger er i bruk.  Dette stemmer ikkje. Bygningen har i fleire år blitt nytta som lokale for Frivilligsentralen – og som undervisningslokale for innvandrarar. Dette er også status i dag.

-Vi viser til innspel frå kulturvernminneseksjonen, Aust-Agder fylkeskommune , mottatt 30.05.16. Dei seier m.a.  ”…. å erstatte et slikt bygg med det som seksjonen oppfatter som et ordinært forretningsbygg, oppleves som både historieløst og lite faglig fundert……”   Vi meiner at det same også  gjeld såkalla moderne bustader.  Kva er moderne??

-Sett i samanheng med punktet over, står det òg i

-Planbeskrivelsen s. 26 at  ”….eksisterande bebyggelse er lite egnet til tiltenkt bruk…..”  Til det er å merke at ein har mange eksempel på at eksisterande bustadmasse med hell har danna utgangspunkt for vidare utbygging. Dette fekk kommunestyret og administrasjonen i Bygland fleire eksempel på då dei 08.06.18 var på tur m.a. til Vegårshei.   Ein bør òg merke seg og ta omsyn til i vidare planlegging at  Bygland kommune ikkje har retningslinjer for estetisk utforming -  dermed kan både skjøn og økonomiske interesser  kunne vege tungt i den vidare prosessen.

Vi tek til slutt med avslutninga i eit lesarbrev i Setesdølen  (Mai -16) frå Ulla Uberg, som hadde oppveksten sin i den gamle prestegarden:

Artikkelen held fram under annonsen.

”….skal alle spor av ei tid som var, raderast ut? Skal historia til ei bygd berre vere bleike minne og nokre ord, eller skal ho synast som avtrykk i tida?  Eg trur at synlege avtrykk har verd for minne og identitet, også i Bygland. Og gamle hus kan nyttast til så mangt om dei får stå.”

Bygland 07.11.18

Anna Stella Karlsdottir, Anne Eikerapen, Olav Neset, Torhild Austad, Høgre-Venstre gruppa i Bygland kommunestyre