Ungdomsrådet i Bykle trefte ordførar og plansjef i kommunestyresalen i Bykle rådhus.

Ungdomsrådet trefte ordføraren

Måndag i sist veke inviterte ordfører Jon Rolf Næss og plansjef Signe Sollien Haugå i Bykle kommune ungdoms-rådet til bords i rådhusets kommunestyresal.

Dei ville invitere dei unge heilt inn i varmen og gje dei den 14. stolen på kommunestyremøta. Ungdomsrådet i Bykle kommune møtte opp til ein annan start på skuledagen denne måndagen. I tre timar var rådets seks representantar og tre varamedlemmer i eit eksklusivt møte med ordføraren og plansjefen.

Ordførar Jon Rolf Næss gav ungdomane ein gjennomgang av det politiske biletet i Bykle kommune og kva for oppgåver som er viktige for dei unge framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjekk gjennom planar

Planane for bygda og kva som er viktig i plansaker blei gjennomgått av plansjefen. Rådsmedlemmene fekk svar på spørsmål dei hadde. Ordføraren inviterte undomsrådet til bords, bokstaveleg tala. Kommunestyret gjev dei unge den 14. stolen rundt bordet i kommunestyremøta der det er saker som gjeld dei unge i bygda.

Representanten for ungdomsrådet har uttalerett i møta, og ungdommen i bygda har difor no ein fantastisk sjanse til å ta del i den politiske debatten.

Analyse om styrke og veikskapar

Til slutt i møtet gjennomførte plansjefen saman med ungdomane ein SWAT-analyse (styrke, veikskap, trugsmål og utfordringar) for den som er ung i Bykle kommune.

Gode perspektiv kom fram. Som avslutning på gjennomgangen inviterte plansjef Signe Sollien Hau-gå ungdomsrådet til å lage ein «Handlingsplan for ungdomsarb-eid i Bykle kommune» for dei fire neste åra. Arbeidet tar til med det første.

Møtet var til stor motivasjon for eit arbeid som vil gje seg til kjenne heilt inn i kommunestyresalen på rådhuset. Vi går spennande tider i møte.

Harald von Krogh Alfstad

Sekretær ungdomsrådet

i Bykle kommune