annonse

Feil i ”Gamle ord”


I oppgåva ”Gamle ord” i Setesdølen tysdag hadde det snike seg inn fleire feil. Oppgåve nr. 1 var ordet ”Kaune”, men eine svaralternativet ”Bylt” var feil, det skal vere ”Byll”.

I oppgåve 2 er eine alternativet ”Bjartøygd”.

I spørsmålet om tyding på ordet ”Kulli” er ”Knaus” eit alternativ. Eitt av alternativa til oppgåva ”Sanne etti” er ”Tale sant”.

Setesdølen seier seg lei for rotet.