Klart for bygdefest

Det er ikkje jolaftan, heller ikkje 17. mai. Scooterens dag er likevel ei hending med høgtidspreg i Valle og Hylestad. Laurdag samlar kubikkfolket seg for å få med seg alt det nye!

Store og små skal rundt om til dei ulike forhandlarane i kommunen og sjå kva dei har fått inn av nye modellar. Både ved Hylestad Auto,

Motorsenteret AS og på Bjørgum hjå Bjørgulv Bjørgum er det også flust med brukte scooterar ein kan ta ein kikk på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nye modellar kan kome med heilt endra motorar, eller kanskje bare ein annan farge enn modellen i fjor. Interessant er det uansett, i alle fall for ”meinigheiten”!

Marknadsdag

Så handlar det slett ikkje bare om sjølve scooteren på scooterens dag. Klede, hjelmar, hanskar, sko og alt det andre ein må ha for å vere rigga til scootervinteren fyller hyller og kassar - i scooterkommunen Valle er utvalet breitt!

År etter år er oppslutninga om scooterens dag

ein demonstrasjon av den vanvittige interessa det er for doningane i Valle og Hylestad. Slik blir det garantert også førstkomande laurdag,

med store og små samla om favorittkøyretøyet i indre Agder!

Hjå forhandlarane ventar ein kaffiskvett og kanskje også noko å bite i.