God førjolsstemning i Otrahallen i Hornnes tidlegare i kveld då Liv Åsne Austad Andersen frå Gjensidige-stiftelsen dukka opp med gåvesjekkar både til Taekwondo-klubben og Evje Aktivitetspark i Trollbakken.
God førjolsstemning i Otrahallen i Hornnes tidlegare i kveld då Liv Åsne Austad Andersen frå Gjensidige-stiftelsen dukka opp med gåvesjekkar både til Taekwondo-klubben og Evje Aktivitetspark i Trollbakken.

125.000 kr. til Evje-idretten

-Ei utruleg hyggeleg overrasking rett før jul, sa Ellen Skjeggedal i Evje Taekwondoklubb i kveld. Då hadde Liv Åsne Austad Andersen frå Gjensidige-stiftelsen akkurat overlevert klubben ein sjekk på 65.000 kroner. Også Otra IL sin aktivitetspark Trollbakken fekk 60.000 kroner til ny akebakke.

-Dette vil gjere anlegget i Trollbakken komplett til vinteren, seier Glenn Qvam Håkonsen i Otra IL. Han synest gåva frå Gjensidige-stiftelsen er svært kjærkommen. 

-Pengane vil sette oss i stand til å lage ein sikker akebakke med transportband som gjer at også dei yngste kan finne seg til rette i anlegget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opning 9. februar

9.februar 2019 skal heile anlegget med hopping i 5 større og mindre bakkar. Den laurdagen er det også meininga at kanonar frå kremen i norsk hoppsport for nokre år sidan skal bli med.

-Då tar me sikte på at me endeleg skal greie å slå Jørgen Nordbø sin rekord på 51 meter frå 1946. Det er det lengste som er hoppa i Setesdal og det var i den gamle Ørnefjellsbakken her på Evje, seier Glenn Qvam Håkonsen.

Ellen Skjeggedal i Taekwondoklubben seier at 20 aktive medlemmer er veldig glad for støtta frå Gjensidige.

-Det var overraskande, men pengane kjem vel med både til å fornye utstyrsparken vår med sparkematter og anna, men også med tanke på at me skal arrangere stor landsleir på Evje neste sommar, seier ho.