Det er i alt 30 km ferdigpreppa langrennsløyper i Brokke-området no. Heile vegen frå ljosløypa på Furestøyl og innover mot Myklevatn med ein solid sving tilbake mot Kvisletoppen kan ein gnu på!
Det er i alt 30 km ferdigpreppa langrennsløyper i Brokke-området no. Heile vegen frå ljosløypa på Furestøyl og innover mot Myklevatn med ein solid sving tilbake mot Kvisletoppen kan ein gnu på!

30 km langrennsløyper preppa i Brokke!

Sjølv om det godt kunne ha kome meir snø er det no køyrt opp 30 km langrennsløyper i Brokke-området i Hylestad!

Frå ljosløypa på Furestøyl går det ein trase innover mot Evardalen og Myklevatn i Hylestad vestehei. Det er også preppa løype langsetter Brokke-Suleskarvegen like inn til heilt vest i Myklevatn. Frå det punktet kan ein også ta ei anna løype tilbake mot Kvisletoppen og vidare ned mot alpinanlegget.

Bakkane opnar

I dag opnar Brokke alpinsenter.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Hovudbakken og i alle fall ein Big jump blir opna. Det kan også vere aktuelt å opne parken, seier Merete Austad i Brokke alpinsenter til Setesdølen. 

I alpinanlegget blir det i dag også pepparkake-pynting for dei minste i kafèen.