annonse

50 møtte opp til fotballcup i Vallehalli 1. joledag

Bjarte Løyland, Jan Harstad, Lars Tarald Myrum og Rune Andre Andersen. Bak frå venstre
Bjarte Løyland, Jan Harstad, Lars Tarald Myrum og Rune Andre Andersen. Bak frå venstre: Paal Brokka Rike, Tommy Åkre, Lars Rysstad Nordgreen og Kristian Stubseid. (Foto: Tor Kjelleberg)

Dei kjempa mot kvarandre og joleflesket, dei om lag 50 som deltok på jolecup i fotball i Vallehalli 1. joledag.

Ole Birger Lien

Jolecupen, som blir skipa til i privat regi og som har stått på programmet i Vallehalli dagen etter jolaftan i mange år, får stadig betre oppslutning. I år var det altså om lag 50 spelarar med fordelt på 6 lag. 

Fem mot fem

Kvart lag hadde fire mann pluss keeper på banen, og kampane gjekk i turnering og cup-stil. Til slutt var det eit knippe av dei som var med i Valle IL sitt Norway Cup-lag i 1998 som vann. På plassane bak kom "Liggeunderlaget", "DreamTeam" , "Unge lovande", "Team Olav" og "Tveiten".