Den ferske justis- og beredskapsministeren Jøran Kallmyr opnar det nye Evje fengsel tysdag 9. april.
Den ferske justis- og beredskapsministeren Jøran Kallmyr opnar det nye Evje fengsel tysdag 9. april.

Den nye justis- og beredskapsministeren opnar det nye Evje fengsel

Tysdag 9. april blir det nye fengselet på Evje opna. Den ferske justis- og beredskapsministeren Jøran Kallmyr (FrP) står for den offisielle opninga.

Det var i 2016 at det vart avgjort at fengselet på Evje skulle gjerast om til kvinnefengsel. I alt skulle det bli 30 soningsplassar, 10 av dei med høgt sikkerheitsnivå og 20 med lågt sikkerheitsnivå. Tysdag opnar altså anlegget.

Omvisning

Dei som har vore involvert i byggeprosjektet, justisdepartementet, Kriminalomsorgsdirektoratet og presse kjem til å vere til stades under opninga neste veke. Etter den høgtidelege opninga blir det ei omvisning i det nye fengselet på Evjemoen.