Ole Kjell Gundersen ved legesenteret på Evje har varsla at han kjem til å seie opp stillinga si som fastlege frå årsskiftet og slutte 1. juli neste år på grunn av altfor stor arbeidsmengde for dei to fastlegane som i dag er ved senteret.
Ole Kjell Gundersen ved legesenteret på Evje har varsla at han kjem til å seie opp stillinga si som fastlege frå årsskiftet og slutte 1. juli neste år på grunn av altfor stor arbeidsmengde for dei to fastlegane som i dag er ved senteret.

Evje-legar varslar oppseiing for å få kommunen på banen

Begge dei to legane ved Evje legesenter har varsla kommunen om at dei seier opp stillingane sine frå årsskiftet. Det er auka arbeidsmengde etter at den tredje fastlegen slutta som gjer at dei no seier opp. Dei meiner dette skal tvinge Evje og Hornnes kommune til å måtte finne ei ny løysing for den lokale legetenesta.

-Eg ber ikkje om  forhandlingar. Eg har gitt opp, seier dagleg leiar ved Evje legesenter, Ole Kjell Gundersen i ein e-post til Evje og Hornnes kommune. Der varslar han at han seier opp stillinga si som fastlege ved Evje legesenter frå årsskiftet. Det same har også kollegaen hans, Ronny Skille gjort. Skille skriv i sin e-post til kommunen at han kjenner seg provosert av at legane nærmast arbeider seg sjuke for å hjelpe pasientane på dagtid, men må i tillegg vere med på ei svært omfattande legevakt på ettermiddags- og kveldstid. Han meiner at det ikkje går an å kombinere sjølvstendig næringsverksemd som lege med den lokale vaktordninga.

Varsellampane burde ha blinka

-Det er svært få kommuner om noen i det hele tatt i Norge som har liknende opplegg, og varsellampene i kommunen burde ha blinket for lenge siden, skriv Ronny Skille. Han synest at dette er ein trist situasjon både for legane, helsesekretærane og ikkje minst for pasientane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ole Kjell Gundersen har berre eit par år igjen til han blir pensjonist. Han hadde tenkt å trappe litt ned, men opplever at han arbeider meir enn nokon gong akkurat no.

-Jeg har meldt tydelig fra at her er for mye å gjøre, og jeg opplever ikke noe støtte fra kommunen, skriv han. Når han i tillegg ser at det i praksis ikkje ser ut til at ein skal få inn ny lege etter Liv Inger Varsi, føler han at han må kaste inn handkleet, som han skriv.

Sluttar neste år

Han varslar oppseiing før jul, gjeldande frå årsskiftet og at han sluttar av som fastlege i Evje og Hornnes frå 1. juli neste år.

-Det er klart at det er mange generelle grunnar til at det er vanskeleg å rekruttere nye legar til distrikta, men også større kommunar slit med å skaffe seg legar, seier Gundersen til Setesdølen. Oppseiinga no er likevel eit varsel til kommunen. Han håper at Evje og Hornnes kommune vil begynne å tenke på kva dei skal gjere med legetenesta framover.

Etter det Setesdølen har grunn til å tru blir gruppeleiarane i kommunestyret kalla inn til hastemøte torsdag i denne veka. Legesaka blir også tema under kommunestyremøtet torsdag i neste veke.