Det er ikkje ventelister her på Byglandsheimen eller på noko anna sjukeheim i Setesdal.
Det er ikkje ventelister her på Byglandsheimen eller på noko anna sjukeheim i Setesdal.

Ikkje ventelister på sjukeheimane i Setesdal

Ikkje ein av sjukeheimane i Setesdal har venteliste for langtidsopphald. Kapasiteten også på korttidsplassar og avlasting er svært god.

I Evje og Hornnes kommune er det to sjukeheimar, Evjeheimen og Hornnesheimen. På Evjeheimen er det 24 langtidsplassar, på Hornnesheimen 8.

– Me har 25 omsorgsbustader i kommunen og dessutan 4 omsorgshyblar. Ventelister har me ikkje, stadfestar einingsleiar pleie- og omsorg, Hallstein Homdrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

2 bufellesskap

Heller ikkje Bygland kommune har ventelister på sjukeheimen.

– Det er 10 langtidsplassar og 6 korttidsplassar på Byglandsheimen. I tillegg er det 2 bufellesskap med 6 plassar i kvar, seier tenesteleiar pleie- og omsorg, Kåre Einar S. Larsen.

I Bygland kommune er det også 8 omsorgsbustader, 7 omsorgsbustader tilnytta psykiatrisk på Byglandsfjord og dessutan 8 aldersbustader, 4 i Bygland og 4 på Byglandsfjord.

God kapasitet i Valle

På Valle Bygdeheim er det 15 langtidsplassar og 5 korttidsplassar.

– Me har ikkje ventelister, og god kapasitet både på avlasting og faste plassar, seier leiar pleie- og omsorg, Solveig Kyrvestad.

Det er bygt 4 leilegheiter i ”tøffelavstand” til bygdeheimen, og fleire er på gang. 

På Bykle alders- og sjukeheim er det no i gang utviding og ombygging. Ventelister er det ikkje i Bykle, og blir det nok aldri heller.

– Når ombygginga er fullført i mai neste år har me 15 langtidsplassar. Som del av byggeprosjektet får me også 7 leilegheiter i såkalla tøffelavstand til heimen. Kapasiteten er og kjem til å vere god for alle deler av pleie og omsorg, seier avdelingsleiar Ragnhild Hoslemo.