Joletrefest på Hornnes 4. joledag

Frå Hornnes i sør til Hovden i nord, også denne jola skal folk samlast for å gå rundt joletreet, synge jolesongar og ikkje minst kose seg med sju sortar og vel så det!

Ungdomsforeninga i Hornnes arrangerer den tradisjonsrike juletrefesten på Hornnes bedehus 4. joledag. Det blir song av Eiken ungdomskor. Espen Ripegutu kjem for å halde andakt, og det blir amerikansk auksjon og anna underhaldning. Det blir også servert varmrett.

- Alle er velkomne til ein gild kveld rundt juletreet, seier Eivind Odd Kallhovd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire samankomstar

Også i resten av dalen samlar nok dei årvisse jolefestane mykje folk. 3. joledag er det joletrefest i Flatebygd på Evje. Same dagen kjem byklarane til samfunnshuset sitt. 4. joledag er det klart for joletrefest i Broderheimen bedehus på Flateland i Valle. I Hovden grendehus skal det også bli joletrefest i den komande høgtida. Dagen er laurdag 29. desember.