Torbjørn Grindheim (t.v.) og Anders Kjetså Røed gledde seg over skispor!
Torbjørn Grindheim (t.v.) og Anders Kjetså Røed gledde seg over skispor!

Køyrde 30 mil for 500 meter med snø

I Otra IL på Evje er interessa for skisport sterkare enn nokon gong. Laget har mange lovande løpararar. Både dei og eit solid støtteapparatet drog til Hovden i helga for å nyte smaken av nyprodusert snø.

I låglandet er det som kjent smått med denslags enno, og ryktet om 500 meter med nyprodusert snø på Hovden skapte naturleg nok stor interesse nedover i heile dalen. Fleire idrettslag tok turen til Hovden - blant anna Otra IL som stilte ned ein kontingent på ca 30 løparar. Med reisa opp og ned dalen kan ein seie at dei køyrde over 30 mil for å få prøve seg i den 500 meter lange løypa. 

Der var dei heller ikkje åleine. Til saman var det visstnok ca 250 personar som gjekk rundt i løypa i løpet av helga. Ryktene seier at ca 70-80 gjekk samstundes. Det skulle i så fall bli ca 6-7 m til kvar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den gode skikjensla

Likevel var det berre blide folk å sjå. Alt tyder på at det gav godt utbytte sjølv med

ei så kort løype. Mange skiglade er svoltne på vinter og snø. Dei søkte den gode skikjensla på Hovden i helga - og fekk det. Leiaren for Otra IL sitt støtteapparat, Scott Kjetså seier at dei ser fram mot sesongstart med det tradisjonsrike Hovdenrennet alt førstkomande helg. Der er det god grunn til å rekne med at  Otra-løparane vil hevde seg også denne gongen. Skikkeleg barmarkstrening heile hausten gjer dei trygge på eigne prestasjonar.