Gunhild Bjåen fyller 87 år tidleg på nyåret, og ektemannen Knut blir 86 i april. Her er dei fotograferte i 21 minusgrader på tunet heime på Bjåen for nokre dagar sidan.
Gunhild Bjåen fyller 87 år tidleg på nyåret, og ektemannen Knut blir 86 i april. Her er dei fotograferte i 21 minusgrader på tunet heime på Bjåen for nokre dagar sidan.

Minus 21 på Bjåen i førjolstida

-Det har vore ei noko kald førjolstid med 21 minusgrader på det verste, men du så nydeleg når det er så klårt og stilt på Bjåen, seier Gunhild Bjåen til Setesdølen.

87-åringen har gjort unna det meste av joleførebuingane den dagen Setesdølen stikk innom. På tunet er det meste rimfrose. Sola over idylliske Breivatn kastar likevel sine strålar mellom krystallane på dei nakne bjørketrea som gjev litt ly mellom bustadhuset og vatnet. Det er ein umåteleg vakker desemberdag på høgfjellet. Bygda Bjåen med den øvste busetnaden i Setesdal viser seg frå si beste side.  Gunhild er i godlag, og han gler seg også over dagen, Knut, som er Gunhild sin ektemann og tidlegare landpostbod på Hovden. 

Landpostbod i mange år

Tenk dette er same landskapet som det han så ofte stampa seg gjennom på ski og seinare med bil når stormkasta og vindråsene var så kraftige at han knapt kunne flytte seg langs den strabasiøse postruta. Men Knut heldt likevel ut i så mange år.  No kan han roleg sjå veret an før han bestemmer seg for å ta ein tur til Hovden eller ut i all den vakre naturen som Bjåen og fjellområda der byr på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har alltid vore oppteken av jakt og friluftsliv, og interessa for dyre- og fugleliv følgjer han framleis.

No er det likevel den tilstundande jolehelga dei innstiller seg på. Då skal det vere jolefred også i skog og mark.

Familiehøgtid

Gunhild og Knut ser fram til ei stor familiehelg denne gongen med ein son med familie frå vest og ein med familie frå aust som er ventande laurdag. Det er Bjørgulv og Mikal, den første busett i Oslo som   journalist i Vårt Land, den andre fysioterapeut med arbeid i Bergen, men med hytte heime ved Laupe på Bjåen. Laupe er det gamle namnet ved vassføringa mellom Sesvatn og Breivatn.

-Folk kjem til å gå litt att og fram mellom hytta og bustadhuset vårt her på Bjåen, men jolekvelden blir me 12-13 til bords, seier Gunhild. 

Aure og lefsekling

Viss ho og Knut hadde fått bestemme, ville det ha vore på gammalt vis med koka aure frå Breivatn og nepe, lefsekling, fiskesuppe og heimelaga tomtebrygg.

-Men dei unge i dag vil ha pinnekjøt, så det blir vel aure ein av joledagane, seier Gunhild. Pinnekjøtet har ho dessutan eit godt forhold til frå oppveksten heime i Ryfylke.

-Der hadde me pinnekjøt og risgraut jolekvelden, men her på Bjåen har me risgraut midt på dagen jolaftan. Eg har innført ein litt underleg skikk med risgraut og griselabbar til det måltidet. Det passar fint med graut og lunka griselabbar midt på dagen, seier Gunhild og ler godt.

-Og små og store likar dette?

Artikkelen held fram under annonsen.

-Ja, endåtil barneborna våre synest dette er godt, men er det nokon som fnyser litt av det, så kan dei berre ete graut, seier ho.

-Kor skaffar du deg griselabbar til eit heilt selskap?

-Det har dei i kjøtavdelinga på SPAR Haukeli, frosne, men enkle og tine før ein kokar dei så godt at kjøtet mest vil løyse seg frå beinet. Då er dei best, seier Gunhild soim fyller 87 tidleg på nyåret. 

Lefser og småkaker

Ho har baka både lefser og småkaker til jol, laga sylteflesk og sauerull. Ho har også laga rosettbakkels, ein idé ho fekk frå Ingrid Espelid sine matprogram.

-Dei kakene er populære, men elles lagar eg ikkje så mykje småkaker, for eg er så utolmodig. Eg må bli fort ferdig med det eg held på med, seier Gunhild Bjåen. Ho ser fram til ei fredeleg jolehelg med sin næraste familie rundt seg. Eventuelle besøk og småturar til andre ventar ho med til romjolsdagane.