annonse

Over 750 skal feire Kamilla og tyven!

Skodespelarane kjem
Skodespelarane kjem: Skodespelarane i Kamilla og tyven, Dennis Storhøi, Agnete Haaland og Veronika Flaat kjem alle til den utselde jubileumsframsyninga og festen for Kamilla og tyven-filmane i Kristiansand. Penelope Film med Grete Salomonsen og Odd Hynnekleiv i spissen er overvelda over kor stor interesse det er for arrangementet.

+ Det er gått 30 år sidan Kamilla og tyven hadde kinopremiere, og dette blir høgtideleg markert med framsyning av begge filmane og festkveld i Kristiansand på laurdag. No er alle billettar selde, og over 750 skal feire Kamilla og tyven!

Sigrid Åsen Haugsgjerd