annonse

Søren Hodne toppar SP-lista

Søren Hodne
Søren Hodne: Søren Hodne blir Senterpartiet sin fremste våpendragar i Evje og Hornnes kommunestyre i neste valperiode. (Foto: Sigurd Haugsgjerd)

Evje og Hornnes Senterparti har halde nominasjonsmøte og sett Søren Hodne øvst på lista. Han er også partiet sin ordførarkandidat.

Sigurd Haugsgjerd

I tillegg til Søren Hodne er også andrekandidaten, Torhild Hornnes førehandskumulert.


Partiet sin varaordførar i inneverande periode, Lars Reidar Vasland er på veg ut av kommunepolitikken. Han er ikkje å finne på lista denne gongen. Til gjengjeld er det mykje ungdom på den nye lista.
Senterpartiet si liste til kommunevalet neste år ser elles slik ut:


3. Olav Arne Skyttland Tveit, 4. Tove Tellefsen, 5. Nils Gjermund Østerhus, 6. Bianca H. Uleberg, 7. Gunnar Bjørndal, 8. Solveig Eiken, 9. Finn M. Torgersen, 10. Tor Arne Heisel, 11. John Hornnes, 12. Alma Kazagi, 13. Trygve Jokelid, 14. Solveig Katterås, 15. Knut Helge Jokelid, 16. Elisabeth Leifsen og 17. Valborg Hauan.