annonse

Transfer - eit møte mellom dal og kyst

Transfer
Transfer: Tre av kunstnarane som stiller ut kunst i Sæbyggjen tok i mot blomar frå leiar i Bykle og Valle kunstlag, Grete Swahn (t.h.). Kunstnarane frå venstre Ella Uleberg, Tove Krogh og Olaug Åsen. (Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd)
Stemningsfullt:
Stemningsfullt: Det vart ei stemningsfull stund då kunstutstillinga Transfer vart opna i Valle på laurdag. Christian Andrè Rødfjell går på gullsmedlina på Valle vidaregåande skule, og bidrog musikalsk med si klokkeklare røyst i Sæbyggjen. (Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd)
Mange frammøtte:
Mange frammøtte: Rundt 40 menneske møtte opp i Sæbyggjen då kunstutstillinga Transfer opna på laurdag. Der fekk dei oppleve eit breitt spekter av kunstnarar og utrykksformer. (Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd)
Humla
Humla: Olaug Åsen stiller ut måleri og etsing på Sæbyggjen. Eit av motiva som går att er humla. – Det er jo eit aktuelt og viktig dyr, seier Olaug Åsen. – Den er på mange måtar definisjonen på sommar og trivsel, og så er den i vår tid blitt utrydningstrua. (Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd)
Ny vri på rosemålingskunsten:
Ny vri på rosemålingskunsten: Karin Bø (t.v.) i samtale med Ella Uleberg. Uleberg sitt bidrag til utstillinga er inspirert av tradisjonell rosemålingskunst, men prega av innovasjon ved at ho i staden for pensel og treverk heller smeltar kunstglas i omn med emaljar i mange fargar. (Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd)
Transformasjon
Transformasjon: Tove Krogh er grafiker og illustratør, og stiller ut bilete laga ved silketrykk. Ho har teke utgangspunkt i transformasjonen frå egg til ferdig skapning i sine bilete. (Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd)

+ – Vi lever i ei overgangstid, og det er den vi prøver å gje eit uttrykk for med utstillinga her, sa leiar i Bykle og Valle kunstlag, Grete Swahn under opninga av Transfer i Valle laurdag. Tolkingane av temaet kjem til uttrykk på mange ulike vis i Sæbyggjen denne månaden.

Sigrid Åsen Haugsgjerd