annonse

Utsiktsplass på Kvålsnapen

Utsikt
Utsikt: Skogeigar Eivind Nese (t.v.) og avdelingsleiar Inge Odderstøl hos skogsentreprenøren AltiSkog har gått saman om å sette opp kvilebenk på den flotte utsiktsplassen ved stien opp mot Kvålsnapen på Bygland. Her kan ein ta ein pause og la blikket gå frå Skomedal og Storestraumen i nord (som bakgrunnen på dette biletet) til Nese-gardane og Prestøyne i Byglandsfjorden mot sør. (Foto: Sigurd Haugsgjerd)
Postkasse
Postkasse: Skogeigar Eivind Nese ved postkassa som reumatikarforeninga har på vegen mot Kvålsnapen på Bygland, like ved den nye kvilebenken. (Foto: Sigurd Haugsgjerd)
Vakkert på Bygland:
Vakkert på Bygland: Vakker utsikt frå den nye kvilebenken på stien opp mot Kvålsnapen på Bygland. Det er Nese-gardane ein ser nærast og Hamre til høgre på vestsida av Byglandsfjorden. (Foto: Sigurd Haugsgjerd)

+ -Me fann ut me måtte gje noko tilbake når me har øydelagt vegen så lenge i sommar, seier skogeigar Eivind Nese på Bygland når han fortel om ny rastebenk som har kome på plass. Benken står like ved den populære turstien opp på Kvålsnapen, litt før du er heilt på toppen av fjellet.

Sigurd Haugsgjerd