Fredag i denne veka kjem 27 kinesiske ungdomar til Hovden. I to månader skal dei trene langrenn saman med elevane på skigymnaset.
Fredag i denne veka kjem 27 kinesiske ungdomar til Hovden. I to månader skal dei trene langrenn saman med elevane på skigymnaset.

27 kinesarar skal trene langrenn på Hovden

Førstkomande fredag kjem ei gruppe på 27 kinesarar til Hovden for å drive langrennstrening i eit par månader framover. Opphaldet på Hovden er ein del av den nye kinesiske satsinga på skisport.

Kinesarane har med seg eigne trenarar, men tidlegare landslagstrenar Roar Hjelmeset, som er tilsett ved Hovden skigymnas, blir ein del av det lokale støtteapparatet. Dei kinesiske ungdomane skal bu på skigymnaset sitt hybelbygg medan dei er på Hovden. Dei skal også feire jol der. På Hovden har det siste tida blitt produsert så mykje snø at langrennsaktiviteten er i full gang i ljosløypa og på arenaen i Røyrvikåsen.