Årets ”Jol i Åmli” fortel om alt frå kvardagslege hendingar til det beste sansvolleyballaget i verda, ein av dei beste skeiseløparane her i landet og om eit musikalsk talent som TV-debuterte på trommer som 10-åring, Tore Knudsen frå Åmli, men no busett i Bygland.
Årets ”Jol i Åmli” fortel om alt frå kvardagslege hendingar til det beste sansvolleyballaget i verda, ein av dei beste skeiseløparane her i landet og om eit musikalsk talent som TV-debuterte på trommer som 10-åring, Tore Knudsen frå Åmli, men no busett i Bygland.

-Eg oner så væl på Mjåvasstøyl

Der handlar om alt frå song, musikk og dans på lokalet til vemodige skildringar om slit og strev på avsidesliggjande gardar, men det handlar også om eit aktivt idrettsliv med sandvolleyball på verdsnivå når årets ”Jol i Åmli” skal lesast.

Det er historielaget og mållaget i Åmli som gir ut bladet, i år den 35. utgåva, og minst like innhaldsrik som før om åra.Tittelen ovanfor er henta frå inskripsjonen på bautaen over forfattaren Engvald Bakken, sentralt plassert i parken i Åmli. Denne vert nemnd av Bjarne Vehus i artikkelen om ”Folket mitt, liv og lagnad” der han i god Edvard Hoem-ånd fortel om foreldre og andre forfedre. Han tenkjer på mor si ”som òg mjølka kjynar på Mjåvasstøyl”, og faren som var vekke heile veka på skogsarbeid. Det handlar om ulike lagnader, dei som drog til Amerika, og dei som fekk det tungt her heime då einaste sonen og odelsgut døydde ung. Bjarne Vehus fortel også om då faren gav han ei gullklokke dagen før han døydde.

Det rike musikklivet

Langt mindre vemodig er Rune Nylund si skildring av musikklivet i Åmli med vekt på dansemusikken og festane i indre bygder. Det handlar både om Kristiansens Trio og Knudsens Trio. Eit artig minne er også då NRK i 1975 skulle lage reportasje om Nidelva og måtte ha med lokale musikarar. Då lånte dei trekkspel i Musikkhjørnet i Arendal. Så engasjerte dei den 10 år gamle Tore Knudsen på trommer. Guten har blitt mann, og er i dag ambulansesjåfør i Bygland, men slår framleis på trommer i korpset der.

Artikkelen held fram under annonsen.

18 år til sjøs

Signe Katreaas skriv om broren Torgeir som døydde i sommar. Han var med i motstandsrørsla under krigen, men i 1946 drog han til sjøs og vart ute i 18 år før han såg heim att. 

-”Eg tikkje jentungane he blitt noke gamle”, sa han då han kom heim og såg seg rundt.

Han hadde blitt amerikansk statsborgar og hadde vore med i Koreakrigen på 50-talet.

Bunadsmønstringa på Elvarheim

Det er både mykje og variert stoff i årets ”Jol i Åmli”. Tonje Ramse Tredal fortel om den flotte bunadsutstillinga på Elvarheim, ei utstilling som viser tradisjonen i bygda gjennom generasjonar, og som blir ståande på museet i Åmli framover. Anne Tone og Scott Aanby har besøkt Kirsten Bråten Berg på Rysstad. Ho har laga sylv til Åmlibunaden og har slektsrøter i bygda då mor hennar kom derifrå. 

Fisketur på heia

I samtalen kjem det fram at Kirsten hadde fått både song og folkedans inn med morsmjølkja før ho kom som sylvsmedlærling til Torleiv H. Bjørgum tidleg på 70-talet. Så var det altså ungguten Bjørgulv N. Berg som bad henne med på fisketur medan ho var i Hylestad. Dermed var det gjort. Sidan har ho vore ein sentral del av kulturlivet i Setesdal.

I bladet er det også interessante skulebilete frå vår nære fortid, småstubbar om dramatisk elgjakt, om ein gammal heller nær Baas og om tradisjonar i jolebaksten.

Kunne binde madrassar i Setesdal

Eit artig 50-årsminne er omtalen av Åmli-mannen Olav Heggeland som var 75 år i 1968. I 30-åra var han kontrollør for blåbæreksporten til England. ”Ellers lærte han seg å binde madrasser, og reiste mye rundt i Setesdalen og det indre av Agder og bandt madrasser for folk”, stod det altså om han i ”Sørlandske Tidende” i Arendal for 50 år sidan. Liv Gunvor Ramse har funne ei gammal stilbok som skildrar møte med bjønnen, og den utflytta Håkon Jensen-Tveit fortel levande og treffsikkert om oppveksten i Åmli.

Og me sluttar som me begynte: Åmli som har blitt kalla ”den sjuke bygda”, har altså det beste sandvolleyball-laget i verda og skeiseløparar i nasjonal toppklasse! Alt saman omtala i årets utgåve av ”Jol i Åmli”.