Setesdal spelemannslag fekk Aust-Agder fylkeskommune sin kulturpris for 2018
Under fylkestinget sin tradisjonelle jolemiddag i Arendal i kveld fekk Setesdal spelemannslag overrekt fylkeskommunens kulturpris for 2018. Det var fylkesordførar Gro Bråten som delte ut prisen.
Det var leiaren i Setesdal spelemannslag, Astri Rysstad, som tok imot prisen. Fylkesordførar Gro Bråten understreka i sin tale at Setesdal spelemannslag skal ha mykje av æra for at den tradisjonsrike setesdalskulturen er tatt vare på gjennom spel, dans og kveding.
Unesco
Spelemannslaget i Setesdal har som kjent også inne søknad om å få den imaterielle kulturarven frå Setesdal inn på Unesco sine lister over verdsarv. Det er venta at denne søknaden skal bli avgjort ein gong i det nye året.