Snart er det klart for den store festdagen over heile landet. Her frå strålande sol og breie smil under feiringa i Åseral i fjor.

Del ditt 17. mai-glimt

I ein langstrekt dal som Setesdal er det mange ulike tradisjonar på 17. mai. Kanskje me får sjå litt av din i år?

Nasjonaldagen nærmar seg, og mange har alt sjekka at bunaden framleis passar i årets konfirmasjonssesong.

Festpynta små og store i sine finaste plagg i tog og framføre iskiosken er flotte motiv. Tar du eit blinkskot under årets 17. mai må du gjerne dele det med lokalavisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vis korleis du feirar!

Feirar du på utradisjonelt vis, saman med heile familien, jobbar du nasjonaldagen, eller går du med ein bunad som har vore i familien i generasjonar?

Vis oss gjerne eit glimt frå dagen og feiringa ved å sende bilete til Setesdølen på facebook, biletmelding til tl 41185583 eller på e-post til sigrid@setesdolen.no

Ha ei fin feiring!