17. mai på Moisund: Svein Salve Lislevand leia an toget som gjekk nordover frå Sandbekk til Hannåsmoen på Moisund. Den berbare musikkspelaren og traktorduren sette stemninga. Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd

Feira med sykkeltog gjennom Moisund

Det vart ein kjølig start på nasjonaldagen, men på Moisund fekk dei varmen i seg med det som kan bli ein heilt ny tradisjon: Sykkeltog for store og små gjennom bygda. Svein Salve Lislevand køyrte i front med traktor og musikkanlegg til glede for bygdefolket langs vegen.

Omlag 40 born og vaksne frå Moisund og Hodne deltok i det feststemte toget frå Sandbekk i sør til Hannåsmoen i nord, og tilbake. Ved bedehuset samla det seg litt bygdefolk som vinka til toget, og fekk glede av det kreative påfunnet. Ei fin markering som særleg dei minste fekk mykje glede av på nasjonaldagen.

Sjå biletserien under: