Ei fredeleg morgonstund på Byglandsfjorden. (Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd)

Fredeleg morgonstund i Vassend

Det er mykje som påkallar frykt i desse dagar. Fatninga desse to svanene utstrålte under si ferd nedover Byglandsfjordens breidder ei kald morgonstund mot slutten av veka, kunne gje sinnsro ei lita stund for alle som fekk eit glimt av paret frå riksveg 9. Dei to såg i alle fall ut til å stortrivast i Vassend.

Svanepar på morgontur nedover fjorden ved Vassend. (Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd)