På Longerak!

Denne nissen som glytta ut frå eit uthus ein stad langs riksveg 9 gjennom Setesdal i heile jole- og nyårshelga, var å finne hjå Vegard Rysstad på Longerak i Bygland.

Mange forbipasserande hadde registrert nissen og sende inn rett svar. Blant dei vart Merete Abusland Nilsen frå Evje trekt ut som viannar av konfekt. Gratulerer!

Knut Olav Uppstad var ein av dei som ikkje vann, men han sende oss dette verset:

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg såg i blai at kviss de laga

På kor i dalen ein nisse kaga

Om den eg svorer med sikker sak

Hev lang tid vore i Longerak