NINJANA: Ein superhelt frå Setesdal, vesle Ninjana som må gripe inn i både det eine og det andre i Valle der lensmann Homme (t.v.) prøver å halde kontrollen.

Superhelt frå Setesdal på turné

Setesdal sin eigen superhelt, Ninjana, har denne veka vore på turné med framsyning på skulane i dalen. – Det var ekstra nervepirrande å kome til Valle, men nå herjar Ninjana i Agder, seier skaparen Karin Moe Hennie.

For det er i Valle at Ninjana bur med mormor si i ei hytte langt oppe i heia. Det er også der lensmann Homme prøver å halde orden i ei bygd der det skjer mykje spennande og farleg. Lensmannen som trur han er åleine om å passe på, anar lite om den vesle Valle-jenta med japanske aner og ninja-triks. Superhelten gjer alt det lensmannen ikkje greier på eiga hand.

– Det var ekstra nervepirrande å kome til Valle, seier skaparen av Ninjana, Karin Moe Hennie.

Artikkelen held fram under annonsen.

LENSMANN HOMME: Ein lensmann med full kontroll, sjølv om det er noko mystisk som går føre seg i Setesdalsheiane.

Karin Moe Hennie har skrive bøkene om superhelten frå Setesdal. Ninjana - det store skredet og Ninjana - den sakna turisten er dei to fyrste bøkene. Tredje boka om Ninjana kjem neste veke, under tittelen Ninjana - Samuraiane kjem.

– Borna i Setesdal skal vere stolte over å kome frå der Ninjana kjem frå, seier Hennie.

For det er Setesdal som er bakteppe, og noko veldig norsk og nesten nasjonalromantisk som er kopla til ninjastyrke og det japanske som kjem frå Ninjana sin bestefar.

Saman med Christer Prosgaard-Sundstøl og teknikar Lars Kristian Lia har forfattaren reist med framsyninga innom alle barneskulane i Setesdal og Åseral, før dei drar til Kilden Teater i Kristiansand. Framsyninga er ein del av tilbodet i Den Kulturelle Skulesekken, difor er superhelten frå Setesdal også på turné på mange andre skular rundt om i landet. Sidan mars i år har over 6000 born sett framsyninga.

ENGASJERER: Ei framsyning som appellerer til 1. klassingane så vel som 7. klassingane. Her må lensmann Homme svare på spørsmål frå Jørund Jore Gakkestad under ein pressekonferanse.

I salen i Bygland Kulturscene sat 1.-7. klasse frå Byglandsfjord spente og følgde med på action og dramatikk frå Setesdal, og vart også engasjerte då det vart opna for spørsmål frå salen under lensmann Homme sine pressekonferansar om dramatikken i bygda.

TEATERTUR: Elevane frå skulen på Byglandsfjord kom til Bygland for å få med seg teaterframsyninga om Ninjana. Frå venstre: Joel Nessa, Johannes Fernandez Hodne, Nikolas Aasan Fernandez, Jørund Jore Gakkestad og Marielle Bentsen Kallhovd.

Teaterframsyninga appellerte til både dei yngre og eldre elevane, og fekk også latteren fram hos pedagogane som følgde elevane på teateret. Historia er spennande og morosam, men pirkar også borti tema som utanforskap og det å passe inn blant jamaldringane på skulen.

Dei stadig omskiftelege kulissene og rollebytta i dei ulike scenene heldt også oppe intensiteten og spenninga for publikum. Det gjorde også mange artige detaljar som ninjastjerne som liknar bunadssylje, lokale nyheitssendingar frå Valle Radio og ein bråkete politisnøscooter.

VALLE: I ei hytte langt oppi heia bur Ninjana saman med mormor. Det blir oppstandelse i heimen då mormor høyrer siste nytt frå Valle radio at Ninjana har jobba i det skjulte då katastrofa rammar bygda.
ENSEMBLE: Lensmann Homme ført av Christer Prosgaard-Sundstøl, lyd- og lys-teknikar Lars Kristian Lia og forfattar Karin Moe Hennie med Ninjana.