Erik Kjebekk er bokaktuell igjen med ei flott samling historiske artiklarfrå Evje og Hornnes. Det handlar om gruvehistoria, men også om åsdølen Oscar Handeland og misjonshistoria knytta til han.

Både gruve- og misjonshistorie

Det handlar om alt frå gruvehistorie til møte med misjonsfolk og ikkje minst Hauge-rørsla i Evje og Hornnes når sogemannen Erik Kjebekk igjen er bokaktuell. Denne gongen kjem han med ei vakker artikkelsamling om både industrietableringar og kristent vekkjingsarbeid i heimbygda. Det er Evje og Hornnes sogelag som står som utgjevar.

Sogelaget har stand under landbruksmessa på Evje i helga. Boka blir til sals både der og i bokhandelen Norli på Evje i dagane framover.

Erik Kjebekk kjenner gruvehistora godt etter at både faren og fleire slektningar arbeidde i nikkelgruva i Fla-tebygd. I den nye boka fortel han om faren som vart øydelagd av silikose og om onkelen som var den siste som mista livet i gruva. Han døydde frå kone og 10 born. Han var far til Anna på Raustøl som nyleg døydde, og Gudrun Kjebekk som også døydde for ei tid sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stolt arv

Boka har fått tittelen ”Dei gav oss ein verdifull arv”, og Erik Kjebekk skriv med stolthet om forfedrene, dei som bygde landet, som det gjerne heiter i dag, og dei som vart plogspissar og føredøme i åndslivet.

Erik er sjølv oppvaksen i Flatebygd, så mykje av stoffet er henta derifrå, men han gir oss også god innsikt i tankane til misjonskvinna Gyro Ljosland som døydde for ikkje så lenge sidan, og haugianaren Olav Jensson Bjoraa.

Tannlege Skomedal

I boka får me også treffe den siste gardbrukaren på Øvre Landsverk og får ein interessant gjennomgang av dei familiane som budde der. Også den velkjende tannlækjaren på Evje, Gunstein Skomedal som vart eit fast omgrep for fleire generasjonar, var ein god skyttar og ikkje minst humorist.

Det meste av stoffet i den nye boka har nok vore publisert før både i Setesdølen, sogeskriftet Arnstein og andre stader, men her er det laga ei finfin samling som gjer dette verdfulle kulturstoffet meir tilgjengeleg for folk flest. Dett er er endå eit godt initiativ frå både sogelaget og Erik Kjebekk.