Martine (t.v.) og Pernille Larsson Olsen hadde kvar si oppgåve som handla om å kome seg ut i naturen, og hadde laga flott utstilling i grendehuset.
Martine (t.v.) og Pernille Larsson Olsen hadde kvar si oppgåve som handla om å kome seg ut i naturen, og hadde laga flott utstilling i grendehuset.

Byglands-ungdomen imponerte

Framsteg 4H i Bygland driv år etter år med imponerande 30-40 medlemmer. Sist fredag skipa klubben til haustfest i grendehuset på Ose.

Haustfesten vart ein solid demonstrasjon av ein 4H-klubb med ”godt driftsgrunnlag”.

Her var vaksne og ungdomar i sving saman og under festen, alle måtte trø til og ingen mukka! I god 4H-stil vart kvelden opna med utstilling, før det var tid for underhaldning frå scena der ungdomane sjølv hadde regien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bedøming

Hilde Skjeggedal kom frå fylkesstyret i Aust-Agder 4H for å bedøme utstillinga ungdomen hadde sett opp. Det er ikkje rart at ho vart imponert, for Byglands-ungdomen saknar verkeleg ikkje kreativitet!

Her var folk som hadde satsa på friluftsliv, baking, enduro, ferieturar og ”ekspedisjonar” i inn- og utland, fotball, hund, katt og i grunnen det aller meste ein kan tenke seg.

Til kvar utstilling var det sett opp det utstyret som har vore nødvendig for å gjennomføre oppgåva, og det var lagt med utførlege skriftlege rapportar om prosjekt, framdrift og resultat. Så har me ikkje full oversikt over bedøminga, men at dette var bra kan det ikkje vere tvil om!

Silje Neset Haugå har hatt hunden sin Dennis som oppgåve i 4H dette året, og viste fram litt av alt utstyret som krevst for å ha hund då Framsteg 4H skipa til haustfest.
Silje Neset Haugå har hatt hunden sin Dennis som oppgåve i 4H dette året, og viste fram litt av alt utstyret som krevst for å ha hund då Framsteg 4H skipa til haustfest.
Anne Besteland er glad i å reise! Ho gjorde like godt hobbyen til 4H-oppgåve, og viste fram alt frå kofferten sin til utanlandsk valuta, fotoapparat og anna ein tar med seg på tur.
Anne Besteland er glad i å reise! Ho gjorde like godt hobbyen til 4H-oppgåve, og viste fram alt frå kofferten sin til utanlandsk valuta, fotoapparat og anna ein tar med seg på tur.

Stabilt

Også resten av festen viste at Framsteg 4H er ein klubb som leverer år etter år.

Andre stader i dalen har 4H-aktiviteten blitt redusert eller forsvunne heilt. I Bygland tykkjest det bare bli meir og meir aktivitet. Det er på grunn av tiltakssame ungdomar, og ikkje minst vaksne som tar på seg alt frå leiing i klubben til å vere rettleiarar til ulike årsoppgåver.