Ulike ansiktsuttrykk under byglandsrevyen, frå venstre: Gunnhild Røkkum Børset, Hege Jore Gakkestad og Gudrun Omnes.

Dei fekk oss til å le av kvarandre

Eit skikkeleg løft i mørketida. Det må ein kunne kalle alle dei humoristiske innsmetta og den ekte spelegleda som kom til uttrykk under årets Byglandsrevy ”Halvvegs til Hovden”. For det var meir enn lett humring i salen etter kvart som framsyninga med alt frå bygdesnakk til stavkyrkjeproblematikk skreid fram. Då kom også gapskratten.

I to gode økter med innlagt kaffipause for ein fullsett sal i Bygland kulturscene heldt dei det gåande, den sterkt kvinnedominerte revygruppa som tok heimepublikummet med på eit salig samansurium av lokale problemstillingar som ofte er mest til å flire av.

Eirin Emaus som krypsiv som alle ville ha fjerna.

I eine innslaget etter det andre måtte tilhøyrarane dra på smilebandet anten ein kjende seg att eller endå betre om det var mynta på naboen. Folk skrattlo rett som det var, og dei fleste hadde det nok moro sjølv om årets Byglandsrevy slett ikkje var utan visse nålestikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det handla om alt frå kommunale prosjekt som aldri synest å kunne gå seint nok til bulystkampanjen og kommunedirektør og assisterande direktør som begge meiner seg å vere gode førebilete fordi dei på arbeidsvegen frå Åmli i det minste stoppar på Bygland. Det var mat for Mons og fekk gapskratten til å runge i salen.

Ikkje mindre stemning då ein smørblid, nyvald ordførar fekk lekkja rundt halsen og ein høyrde den vårlege fedrelandssongen i ny versjon: No livnar det i Runar...

Lisbeth Ljosdal Skreland med ein gjennomgang av korleis stavkyrkja i Hylestad skal byggjast frå botnen av.

Merka løyper og ny stavkyrkje

Samtalane mellom Lisbeth Ljosdal Skreland som innflyttar frå kysten og den innfødde Guro Kvaale gav oss også både kultur og språklege skilnader.

Tenk på alt som det eigentleg ikkje er lov å tale høgt om i Bygland i dag: Oppmerka turstiar i skog og mark, vind og ver, slett ikkje eit ord om vind i alle fall, og den tradisjonsrike løyndomen som ligg i moltekarten. Alt saman bretta ut på ein måte som sikkert gjorde sitt til at mange kjende seg att.

Lisbeth Ljosdal Skreland si orientering om stavkyrkjeprosjektet i Hylestad vart også framført så meisterleg at heile innslaget vart ein fest.

– 350 år utan stavkyrkje i dalen er meir enn nok, sa ho og fortalde om korleis alt skulle lagast frå botnen av, ikkje ein einaste spikar, men med naglar utskorne or Landeeika.

Publikum fylte salen i Bygland kulturscene og kosa seg over ei framsyning som gjekk over to økter med kaffipause og ein god prat om innslaga som vart bydd fram frå scenen.

Kvifor stoppar dei ikkje?

Det handla om kompekrig på Brygga, riksveg 9 som har fått gang- og sykkelveg for sauer på Frøysnes, og så det nesten eksistensielle spørsmålet: Kvifor stoppar ikkje forbifarande på Bygland?

– Me he fjorden, og så he me nog av parkeringsplassar, vart det sagt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innimellom var det musikalske innslag med alt frå turgåartango til ”Songen om mensen”. Frå Evje blei det fylt på med meir lokal humor då den svært scenevante Reidun Karlsen slapp til.

– Det er ikkje råd å vere heidning lenger på Evje, så mange trussamfunn som me he fenge der, sa ho og ramsa opp alt frå muslimar og buddhistar til Elim og Norkirken.

– Om du legg deg om kvelden som heidning, kan du vakne neste morgon å vere misjonær, sa ho.

Dei meista mange ulike roller, f.v. Reidun Karlsen, Guro Kvaale Skibsrud og Hege Jore Gakkestad.

Bygdedyret

Bygdedyret fekk også ein plass i revyen denne gongen der alt var med frå gode råd om å bruke pæningan meir fornuftig til å be nye innflyttarar ikkje stikke seg fram, men i alle fall halde kjepten dei første 10 åra.

Slik svinga det i 2-3 timars festleg fokus på eige bygdesamfunn, om brodden aldri var til å ta feil av. Det kunne handle om legetenesta og Solveig Eiken sin monolog som telefonsvarar til dei arme pasientane. Ein gong var siste rådet: Gå ut og rop på kommunen!

Kreativitet og fantasi

Både tekst og tolking gav vink om kreativitet og fantasi. Då får ein gjerne mykje ut av lite, som då Eirin Emaus i rolla som krypsiv trong trøyst fordi alle ynskte å få ho fjerna.

Applaus for heilhjarta innsats frå heile kobbelet av skodespelarar:

Eirin Emaus, Ella-Marie Furuhovde, Gudrun Omnes, Gunnhild Røkkum Børset, Guro Kvaale Skibsrud, Hege Jore Gakkestad, Lisbeth Ljosdal Skreland, Reidun Karlsen, Silja Moberg Hus og Solveig Eiken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og ikkje minst: Instruktør Olav Grendstad som også denne gongen ser ut til å ha hatt ei svært god hand med oppsetjinga.

Bygland har ein folkeleg kulturskatt i ei oppgåande revygruppe som i alle fall ein gong i året får oss til å le godt av kvarandre.

Sjå fleire bilete frå revyen: