Den vene Vallebygda

Det er kanskje fort gjort å gløyme at me faktisk bur i eit levande kunstverk her i Setesdal!

Bygd og grend, alle stader med sin historie og sine menneske, og alt ramma inn av det vakraste av norsk natur. No, med sommaren like om hjørnet, naturen som vaknar av vinterdvalen og angar friskt av liv, er det ei oppleving bare å sjå seg rundt!

Ein må bare vere takksam for kor heldig ein kan vere. Her eit glimt av Valle sett frå vegen opp mot Brottveit ein dag i sist veke.