Runar Granheim (t.v.) og Oddbjørn Berg tok i mot 45.000 kroner frå Eva Haugland Åsland til nytt lerret i Bygland kulturscene. –Eg forstår jo at dette kjem mange til nytte her på Bygland, sa Åsland i Sparebanken Sør.

Fekk 45.000 kr til nytt filmlerret: –Dette kjem mange til nytte!

–Dette er veldig gøy, seier Runar Granheim i Bygland Filmklubb. Saman med leiar i klubben, Oddbjørn Berg, tok han imot 45.000 kroner frå Sparebanken Sør til nytt filmlerret.

Det gamle lerretet i kultursalen er gamalt og utslite, og ikkje tilpassa vanleg filmformat. Likevel er det stadig i bruk, for både Bygdekinoen i samarbeid med 4H og filmklubben gjer at det blir snurra film omlag kvar 14. dag på Bygland. Neste framsyning er ”The NeverEnding Story” i filmklubben 6. juni.

Om ikkje nytt lerret kjem på plass så fort, kan i alle fall kinogjengarane på Bygland gle seg til nytt lerret snart er på plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Det er nokre filmnerdar i klubben som nå skal få bruke litt tid på å velje ut det beste lerretet, seier Runar Granheim.

Sidan filmlerretet blir plassert i kommunesenteret si kulturstove, kjem det til å kome til nytte hos dei fleste lag og foreiningar i Bygland og andre som nyttar kulturscena.

Det gamle lerretet kjem ikkje til å bli kasta, tvert imot kan det kome til nytte i ungdomshuset. Med litt andre krav til kvalitet og format kan det til dømes fungere godt ved framvising av gamle 16 mm-filmar.

Oddbjørn Berg er leiar i Bygland Filmklubb, og er svært fornøgd med at dei nå kan få kjøpt eit heilt nytt filmlerret til kulturscena på Bygland.

Filmklubb for alle

I filmklubben på Bygland er det 49 medlemmar, og med tida har dei utvida filmrepetoaret slik at klubben skal ha rom for både born, vaksne og eldre.

–Me lagar ein halvårsplan med filmar som kan treffe frå 0 til 100 år. Så tenker me over kva slags filmar det er som ikkje er å finne på alle andre kanalar, seier Oddbjørn Berg.

Men han imøtegår at det er ein sær filmklubb.

–Det er kanskje den minst sære filmklubben i landet, seier Berg.

Likevel er det av og til få som møter opp på filmane, medan det andre gonger er veldig stor pågang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då filmklubben viste Mytteriet på Bounty (1984) vart det stor suksess, og Convoy (1978) med Kris Kristofferson førte til fulle hus på Bygland.

–Me prøver å gjere noko meir ut av filmframsyninga, og har kanskje eit lite foredrag knytt til filmen, seier Runar Granheim.

Filmklubben hadde store planar om ein Grease-kveld der filmklassikaren skulle vere starten på ein heilaftan med etterfølgjande dans på ungdomshuset.

Pandemien sette ein stoppar for dette, men planane er enn så lenge berre lagt litt på is.