Klare for digital festkonsert frå Kilden 17. mai

Kristiansand Symfoniorkester held tradisjonen levande med å halde konsert på Kilden 17. mai. Denne gongen blir festkonserten sendt på nett til alle i heile regionen. Det er duka for norsk festmusikk og ein ungdommeleg tale for dagen.

Kilden-direktør Harald Furre er glad for at festkonserten blir sendt live gjennom Kildens YouTube-kanal, og dermed kan bli sett av innbyggjarar i heile regionen. Sendinga inngår i nysatsinga Kilden ut i Agder.

– Me fikk så mange gode tilbakemeldingar etter at me sendte nyttårskonserten på web. For oss så er det viktig å kunne vere der for heile regionen, og me håper festkonserten på nasjonaldagen kan gje den ekstra store og fine ramma på dagen for folk i Agder, seier Harald Furre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konserten startar klokka 14 på nasjonaldagen. På programmet står norsk festmusikk av Johan Halvorsen, Edvard Grieg, Sigurd Lie og fleire. Dirigent og konferansier er Torodd Wiggum, og solist er den unge, lovande fiolinisten Halvor Aasen. Det blir også eit ungt innslag i tale for dagen ved Margrethe Homme og Iben Quist. Dei er begge representantar for Kildens ungdomsteater, UngdomsKilden.

Få med deg festkonserten 17. mai kl. 14.00 ved å trykke her.

Festkonserten med Kristiansand Symfoniorkester på 17. mai blir sendt gratis ut til alle innbyggjarar i Agder. Her frå nasjonaldagskonserten med publikum i 2019. (Foto: Kilden)