Bjøro Håland (76) framstod igjen som ein bauta under domkyrkjekonserten som opna årets Dark Season-festival i Kristiansand torsdag kveld.
Bjøro Håland (76) framstod igjen som ein bauta under domkyrkjekonserten som opna årets Dark Season-festival i Kristiansand torsdag kveld.

Flying start for Dark Season-festivalen

-Dykke e’ så godt i lag at det er moro berre å stå her, eg tar ikkje synge så mykje, sa ein smilande Bjøro Håland då han torsdagskvelden igjen tok domkyrkjepublikummet i Kristiansand med storm. Årets Dark Season-program hadde fått ein flying start.

Konserten i stiftsstadens mektige katedral har blitt eit fast opningsinnslag i eit spennande festivalprogram som elles i stor grad er lagt til teltet på Øvre Torv i kveld og i morgon. Dit er det også denne gongen venta eit stort publikum, for Dark Season har blitt eit fast omgrep i byen, eit lyspunkt i mørketida, men også ei festivalhelg som set farge på heile bybildet.

Til konserten i domkyrkja torsdagskvelden var det over hundre meter lang kø ein time før konserten tok til. I gråver og småregn greidde folk i alle aldrar å passere anleggshindera rundt kyrkja for å sikre seg ein plass under kyrkjekvelven då Annbjørg Lien og professorektemann Bjørn Ole Rasch innleidde med vakker folkemusikk, noko av det også henta frå Kirsten Bråten Berg sitt repertoar. Annbjørg Lien er ein av våre fremste hardingfelespelarar, men trakterer også nyckelharpe, slik ho gjorde det så sterkt under domkyrkjekonserten torsdagskvelden. Samarbeidet hennar med Sondre Bratland har resultert i mykje vakkert. I domkyrkja skapte ho dei velkjende frysningane i benkeradene med si tolking av ”Gje meg handa di” og anna som eit entusiastisk konsertpublikum seint gløymer.

Omtanke for andre

Det vart mykje snakk om å opne hendene for omsorg og omtanke for andre, beint fram sette seg sjølv litt til side, som også programleiar Tom Jarle Istad Kristiansen var inne på. Han knytta innslaga saman på ein imponerande måte, dels som kordirigent og endåtil som solist sjølv innimellom.

Konserten denne gongen var preg av mykje korsong, vakkert og mektig både frå Norwegian Gospel Singers som programleiaren sjølv hadde eit ansvar for til Exodus med utspring i bedehuset Betania midt i byen. Den nærpå fullsette domkyrkja responderte kraftig på alt frå Paul Simons ”Bridge over troubled water” til den engelske versjonen av den gamle countryinspirerte bedehussongen om det eldgamle kors og ”til dets mektige favn vil jeg fly”. Solistane Kristine Akselsen og Anne Katrine Eikhom framstod med så sterke vibrasjonar at det var mest så domkyrkjetaket løfta seg. Lyssettinga  i vakre fargeskiftingar frå lilla og burgunder til grønt på dei kvitkalka kyrkjeveggene, forsterka kjensla av å vere med på noko nesten himmelsk. Korsongen var også ei mønstring av imponerande musikalske talent i byen. Avslutninga ”O store Gud” i engelsk versjon er alltid uttrykksfull. Også her vart det mektig.

Den stødige Bjøro

Midt oppi alt dette dukka veteranen over alle veteranar, Bjøro Håland opp. Traust og stødig, med det gode smilet og ei avslappa haldning. Det er eigenskapar som fekk det velvillige publikummet til å møte han som den gamle kjenningen han er for alle i byen og landsdelen. Etter over 50 år i rampelyset har han enno ikkje tatt av, men har beina stødig planta på den sørlandske jord. Torsdagskvelden opplevde han igjen å bli verdsett som noko av landsdelens største eigedom.

Korsong frå bedehuset Betanias Exodus og Norwegian Gospel Singers sette sitt preg på den flotte konserten i domkyrkja i Kristiansand torsdagskvelden.
Korsong frå bedehuset Betanias Exodus og Norwegian Gospel Singers sette sitt preg på den flotte konserten i domkyrkja i Kristiansand torsdagskvelden.

-Bjøro har alltid vore villig til å gå tilbake til røttene, sa programleiar Istad Kristiansen. Det var nettopp det som var temaet for årets domkyrkjekonsert. Både dialekt og framtoning osar av noko ekte når Bjøro er på scena. Så kan han framleis synge om ”easy to forget” og ”take my hand”.

«You never walk alone»

Frå denne store kvelden i domkyrkja er det også lett å hugse fellesframføringa av ekte rootsmusikk henta frå countrymusikkens kjerneutøvarar som mektig avslutning på konserten. Før det kom korframføringa av Liverpool sin kjende fotballsong som i følgje programleiaren finst i fleire salmebøker i USA, ”You never walk alone”. I Kristiansand domkyrkje vart også dette formidla med styrke og intensitet i det veldige konsertlokalet. Folk gav seg over.

Frå samklang og varmande samkjensle innanfor dei mektige domkyrkjeveggene var kvar og ein igjen på veg ut i haustmørkret, kanskje med ei hand å halde i. Men ved inngangen til parkeringskjellaren i Gyldensløvesgate sat han der framleis, tiggaren, han som også sat der då eg eit par timar tidlegare kom opp av kjelllaren etter å ha parkert bilen min der.