Sjølv om salen var full, var det blikkstille og fullt fokus på dei mange imponerande framføringane denne laurdagen.

Folkemusikklaurdag på Rysstad

Den tradisjonsrike kappleiken vart ein ekte folkemusikkfest. Lokale og tilreisande utøvarar sørgde for å gje publikum imponerande musikalske opplevingar gjennom eit rikt og bunnsolid fesivalprogram.

Leiar for Setesdal Spelemannslag, Astri Rysstad, er godt nøgd med både oppmøte og opplegg. - Det har vore moro å sett kor mange som har kome inn dørene her på Hylestad soknehus i dag! Mykje kan nok òg skuldast at komitèen vår har jobba godt i forkant med promotering og markedsføring, seier ho.

Leiar for Setesdal Spelemannslag, Astri Rysstad, omkransa av to av dagens konferansierar, Inger Lise Stulien Robstad (til venstre) og June Salte Thorsen.

Det finst fleire unge, lovande folkemusikarar i dalen vår, og det er tydeleg at spelemannslaget satsar godt på rekruttering. I løpet av laurdagen var det både ladekappleik for dei minste uøvarane, og seinare Dommelideikonsert med song og musikk for dei yngste. Konserten vart ein stor suksess som trakk over 100 menneske.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit av stjerneskota som deltok på kappleiken er 13 år gamle Endre Stulien Robstad. Mange har nok sett den unge karen som ein del av Kulturpatrulja i sommar. Han deltok i fleire konkurranseklassar denne dagen, for Endre speler både hardingfele og munnharpe, i tillegg til å danse! Interessa hans starta for fem år sidan:

- Eg var innom eit folkemusikkarrangement på Sølvgarden Hotell då eg var åtte år, og her høyrde eg Kirsten Bråthen Berg kvede og Daniel Sandén-Warg spele fele. Dette fascinerte meg voldsomt, og eg bestemte meg for å prøve ut felespel sjølv. Så no er eg til Ose for å øve med læremeistar Daniel kvar veke, seier Endre.

Endre Stulien Robstad er med på kappleik for andre gong.

- Eg får sette meg her, saman med den yngste gjengen som har kome hit i dag frå Vinje, seier Randi Øverbø Hove . Ho skal snart opp på scena for å kvede, medan dei tre som sit attmed henne nettopp har delteke i ei av danseklassane. - Og eg er berre heiagjeng, men det trengs vel òg, seier Håvard Skori.

Frå venstre: Håvard Skori, Aurora Lie Verpe, Ingrid Nordstoga, Laurynas Lamsodis og Randi Øverbø Hove.

I matsalen vrimla det med folk, og på eit av borda sat skyldfolket Lars Einar Torsnes og Tarald Nomeland. - Eg bur i Odda, men eg slektar frå Bjørgum og er tremmening med Tarald. Kvart år må eg gjeste kappleiken, seier Lars Einar. - Og så vil eg anbefale setesdalssuppa dersom du skal ha deg mat, den var nydeleg!

Lars Einar Torsnes og Tarald Nomeland.

Ingen festival utan komitè. Dette firkløveret fekk seg ein velfortent pust i bakken under kappleikspausen. Dei utgjer kappleiksnemnda, ei ordning som er ny av året. - Det er jo litt logistikk for å få ting til, men det er veldig moro å arrangere kappleik, seier dei.

Frå venstre: Marit Løyland, Gunhild Nybø Hagane, Sondre Rua Dokken og June Salte Thorsen.