Nashville-musikarane Casey Kelly og Leslie Ellis kjem til Eikerapen i sommar. (Foto: Kelly&Ellis)

Frå Nashville til Eikerapen i sommar

I august kjem Nashville-artistane Kelly & Ellis til Åseral. –Som ein liten festival er me spesielt glade for å få artistar frå Nashville hit. Dei er vant med å spele for 30.000-40.000, seier prosjektleiar Per Thunstad i Høyt & Vilt.

Artistane blir hovudtrekkplaster under villmarksdagane på Eikerapen.

Låtskrivaren Casey Kelly har vore Grammy-nominert, og skrive hitlåter som «Anyone Who Isn’t Me Tonight» (Kenny Rogers og Dottie West), «Soon» (Tanya Tucker), og George Straits «The Cowboy Rides Away.» Han starta karrieren sin som plateartist for Elektra Records, og turnerte med Loggins & Messina, Poco, Tom Rush og Beach Boys.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grammy med Celine Dion

I 1998 vann Leslie Ellis Grammy saman med Celine Dion for å ha sunge på «My Heart Will Go On» frå Titanic. Før den tid var ho mange år Broadway-songar og med i oppsetningar som «La Cage aux Folles» og «CATS, The Musical». Sidan 2005 har Kelly & Ellis turnert saman både i Europa og USA, og i august er dei klare for scena under Villmarksdagene Høyt & Vilt på Eikerapen.