Det var ei flott konsertoppleving i Evje kyrkje sundag under U2-tribute-konserten. (Foto: Geir Daasvatn)

Gitarsolo frå talarstolen i kyrkja

Over 100 menneske møtte opp på U2-tributekonsert i Evje kyrkje sundag. Musikarane gav publikum ei storslått oppleving.

–Publikum såg ut til å kose seg stort, ikkje minst då gitarist Tom Håkon Andersen drog til med ein gitarsolo frå talarstolen i Evje kyrkje, skriv Alf Pedersen som også fortel om ståande applaus då bandet runda av konserten med låta ”Pride”.