Gunnar Jakobsen Nygaard si gravferd 2. juli 1915 på Evje. Han var fødd 9/11-1866.Vi kjenner nokre få av folka på biletet: Enka Gjertrud f. Dovland er nr. 38. Så er nr. 5, 6, 7, 38, 36, 34 og 29 borna deira: Anna (1910), Olav (1906), Kristian (1903), Astrid (1900), Gunnar (1899), Helga (1897) og Jakob (1895). Nr. 33 er kona til Jakob, Gunvor f. Ranestad. Nr. 27 og 28 er Ingeborg og Olav G. Frigstad, Ingeborg er syster til enka, nr. 38. Nr. 43 er Gjertrud Katerås, syster til den døde, og nr. 17 er mannen hennar, Kristen Katerås. Nr. 16 og 19 er sønene til Gjertrud og Kristen, Jakob (1898) og Gunnar (1894). Nr. 39 er bror til enka, Stor-Olav Dovland. Enka hadde og ein bror, Lille-Olav Dovland som budde på Evje og var gift med Ingrid Andersdtr. Evje. Dei var nok også i gravferda, men vi kan ikkje seie kven dei er. Nr. 2, 3 og 4 kan kanskje vere borna deira, Astrid (1906), Gunnar (1905) og Anders (1909).

Gravferd for 100 år sidan

Hei! Du må ha et aktivt abonnement for å lese videre. Kjøp digital tilgang her