Språkprofessor Sylfest Lomheimn viste folk på Dølen Konsertscene ei anna side då han framstod som sjungande gitarist med ei rekke viser til eigne tekstar på repertoaret.

Jazz og Sylfest-show på Dølen

-Våre hjerter blør for de av dere som gikk glipp av denne opplevelsen, skriv innehavar Else Haugland på Dølen Hotell si facebookside etter at berre 17 interesserte dukka opp til første programmet i Dølen Konsertserie sin meny denne hausten. Det var i går kveld med jazzpianisten Lars Jakob Rudjord frå Farsund og språkprofessor Sylfest Lomheim som gjester.

Musikaren med inspirasjon frå sørlandsk båtliv og kanskje spesielt frå Lista-landet gav oss det eine lydbiletet meir magisk enn det andre. Her kunne ein verkeleg senke skuldrene, lukke augo og drøyme om alt frå vanskelege Marna-motorar til stjerneklåre vinterkveldar der tanken og draumen får svive fritt. Det var slik dei opplevde det, dei 17 eksklusive som hadde tatt invitasjonen frå det driftige vertskapet på Dølen på alvor og sessa seg til splittkonsert med eit repertoar som måtte imponere dei fleste.

Lars Jakob Rudjord frå Farsund leverte blendande jazzmusikk med ei rekke eigenproduserte melodiar.

Den klassiske jazzpianisten frå Farsund serverte eine perla etter den andre av eigenkomponerte låtar med inspirasjon både frå folkemusikk og folklore. Mykje av musikken var knytta til eigen familie, m.a. ein tippoldefar, Sterke-Jo med røter frå Tovdal, men også med tema om forhold du som medmenneske har til verda omkring deg. Alt i alt var det ei musikalsk høgtidsstund som appellerte til fantasien, og eit konsertinnslag som godt kunne ha stått på eigne bein. Det var berre det at initiativtakarane i ”Setesdals råaste jazzklubb”, som vertinne Else Haugland kalla det, ville så mykje meir.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sylfest med gitar

Dei hadde også invitert språkprofessoren Sylfest Lomheim som siste tida har blitt mest kjend for boka si ”Menneskesonen”. Der framstiller han i romans form Meisteren som sant menneske og har fått både frikyrkjeforstandarar og andre på nakken. Bakgrunnen for at han gav ut denne boka er nok hans innsats som bibelomsetjar gjennom mange år. Det har gitt han inngåande kunnskap som han altså ber med seg vidare.

Under konserten på Evje tala Sylfest lite om boka si, men kom med ei rekke korrigeringar til både evangelistane si framstilling og andre som har fått status som hundre prosent pålitelege i boka over alle bøker.

Interesserte tilhøyrarar på Dølen Hotell torsdagskvelden. Frå venstre: Eva Haugen Sørgaard, Gro Lande, kveldens kåsør Sylfest Lomheim, Sigmund Aune og kona hans Brit Aune og lengst til høgre Helga Karlsen.

Kåseri-konsert

Sylfest raljerte med dei som meiner å ha monopol på sanninga, men framstod elles i ei overraskande utgåve som gitarist til eigne og andres tekstar i eit spenstig sceneshow med glimt i auget. Dei som måtte gå rundt med fordommar om professorar, og då ikkje minst språkprofessorar, som turre fagformidlarar, fekk oppleve noko anna på Dølen Konsertscene i går kveld.

Sylfest kalla det kåserikonsert og lova både ”Å spela og sjunga” som han sa, men han skulle då også snakka mest. Det gjorde han både i sine bibelske korrigeringar og i tema om både politikk, verda omkring oss og ikkje minst om det uslitelege kjærleikstemaet der han varta opp med omskrivingar og nye tekstar til velkjende melodiar. Og han song både på fransk og islandsk!

Protestvisene

Til temaet kveldsstemning støtta han seg likevel til det velkjende i både ”Fager kveldssol smiler” med vekt på originalteksten og sterk avslutning med salmen ”O, bli hos meg” som også Ole Paus har gjort så kjend.

-Kva skulle Ole Paus ha vore utan Lukas-evangeliet, og kva hadde Lukas vore utan Ole Paus? spøkte Sylfest i sin kåserande presentasjon.

Innimellom hadde han gitt oss smakebitar av dei gamle protestvisene og negrospirituals frå 60- og 70-talet, heile tida med faktabaserte og aktuelle påminningar frå ein så kunnskapsrik forteljar. Også hos han var det likevel plass for fantasi og draumar, ikkje minst når ”Fager kveldssol smiler” fekk tankane tilbake til barndommens solstråler over støylslivet heime i Luster og utsikt frå trappesteinen der då sola seig over fjella rundt Sogndal.

Det kunne ein sjå klårt føre seg også under framføringa hans som varte ein stiv klokketime med eige gitarakkompagnement på Dølen Konsertscene på Evje. Verkeleg synd at ikkje fleire fekk oppleve det.