Folk som vil vere med på kulturreisa gjennom Setesdal i sommar, vil oppleve det vakre dalføret med bygningskultur, konsertar og vakre naturopplevingar.

Kulturreise i vakkert dalføre

Det sommarlege arrangementet Setesdal Kulturnè har blitt ein suksess som blir gjentatt i år 18. juni og 27. august, seier Inger Lise Stulien på Syrtveit.

Dette er to laurdagar då ein trur at dalføret vil vise seg frå si aller beste side, for det nye omgrepet kulturturnè handlar om det meste av Setesdal.

Det har også blitt eit bevis på at utøvande kunstnarar kan samarbeide om kvalitetane i dalføret. Samarbeidet mellom lokale kulturformidlarar og Risdal Touring gjer at ikkje minst folk frå andre delar av landsdelen får sjansen til å oppleve smakebitar av setesdalskultur på ein komfortabel og lettvinn måte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det gjestfrie gardstunet hos Inger Lise Stulien på Syrtveit med eigen konsertsal endåtil om det skulle bli nedbør, er velkjend etter åra med kururturnè. I tilegg er det i årets turne som tidlegare lagt inn stopp fleirer andre stader oppover i Setesdal.

– Eg kjem til å halde hagekonsert som i fjor med musikarane Knut Kjetil Møen (t.v.) på gitar og Kim Roger Larsen på piano, fortel Inger Lise.

-Eg kjem til å halde hagekonsert som i fjor med musikarane Knut Kjetil Møen (t.v.) på gitar og Kim Roger Larsen på piano, fortel Inger Lise.

Tredje året på rad

– Det er no tredje året på rad me arrangerer Setesdal Kulturnè. Det har vore så vellukka med mykje god respons og fornøgde gjester at me ønskjer å fortsetje, seier Inger Lise Stulien.

Ho har eit flott samarbeid med Risdal Touring, og all påmelding skjer via dei.

– Me er så heldige å ha dei flinke folkemusikarane med på laget også i år.

Kirsten Bråten Berg syr saman UNESCO-program. Daniel Sandèn Warg er klar med fela. Saman med dansarar og kvedarar møter han gjestene på Sølvgarden Hotell.

– Eg er veldig stolt over å ha med desse dyktige kulturberarane, seier Inger Lise Stulien som sjølv alltid held konsert heime i eige tun på Evje.

Bussen stoppar også innom Gomes hus på Rysstad der Liv Stormo har mykje spennande å by fram i gardsbutikken sin. Der er det meste heimelaga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Køyrer opp til Valle

Nytt i år er at bussane køyrer heilt til Valle. Der ventar Bjørn Erling Auestad med varm, kortreist tradisjonsmat på Bergtun hotell. Gjestene får høve til å gå innom Hasla og Fossen sylv, handle i butikken og sjå i produksjonslokala. Dei som er med på desse turane, skal også få sjansen til ein tur innom Valle husflid og mellom anna sjå mykje flott sauming.

Det blir humoristiske innslag ved imitatoren Thor Åmli for dei som rei-ser opp i juni, og dei som kjem i august får møte Vetle Tveiten Hoslemo som vil kvede. Han er kjend for sterke TV-opptrinn og har blitt ein god ambassadør for Setesdal.

Feleslått frå Stubseid

Bussen stoppar også denne sommaren hos Gunnar Stubseid på Hedde. Som tidlegare finn han fram fela og inviterer inn på det vakre Set-esdalstunet han har stelt seg til med på forfedrenes grunn i Hylestad.

Olaug Åsen og Mona Ida

På Syrtveit gardstun blir det konsert med Inger Lise Stulien, kunstutstilling, kringle og kaffi.

– Eg kjem til å halde hagekonsert som i fjor med musikarane Knut Kjetil Møen på gitar og Kim Roger Larsen på piano, fortel Inger Lise.

Mona Ida har sine flotte måleri utstilt her. Nytt i år er Olaug Åsen som har ny, spennande måleri- og litografi-utstilling å vise fram. Begge er kunstnarar frå Bygland.

I tillegg til salsutstilling av kunst, kjem også tekstildesignar Lise Stubbing med dei vakre Setesdalskjolane sine.

Mange kulturopplevingar

Det blir altså mange kulturopplevingar på dei ulike stoppane oppover Setesdal, noko for einkvar smak. I tillegg får gjestene oppleve flott natur og arkitektur medan dei blir frakta trygt, og med ein lokalkjend guide som vil følgje kvar buss under reisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

For meir info kan ein også gå inn på facebooksida til Setesdal Kulturnè.